Sorbé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sorbet)
Bringebærsorbé i glas.

Sorbé eller sorbe er ein halvfrosen matrett av vin, likør, fruktsaft eller fruktpuré.[1] Det kan også visa til ein drikk av ein av desse ingrediensane med knust is i.[2]

Sorbé vert nytta både som kvilerett og dessert.[1] Den vanlegaste måten å laga sorbet, er med sukkerlake, smak (frukt-/bærpuré, champagne, sitron eller anna) og eggekvite. Resultatet vert best dersom sorbeen vert laga i ismaskin. Har ein ikkje ismaskin, kan sorbeen frysast i fryseboks. Då må han rørast i tidt under innfrysing, for å unngå at han krystalliserer seg.

Ulike sorbéslag markert med frukta dei er laga av.

Ein kan laga sorbé med smak av det meste, men som regel blir det brukt frukt til å smaksetja retten. Bruk av alkohol, honning eller maissirup kan senka frysepunktet til blandinga og gjera sorbeen mjukare.[3] Ein vinsorbé kan til dømes bli laga av raudvin, portvin, appelsin, siton, krydder og eggekvite (mulled wine sorbet), eller med dessertvin, sitronjus og eggekvite (Muscat sorbet).[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omvandrande sorbeseljar i Napoli. Gravering frå 1853.

Ordet «sorbé» kjem via fransk sorbet frå italiensk sorbetto, som igjen er avleidd frå tyrkisk şerbet, 'søt, fersk fruktdrikk', frå arabisk 'drikk, vin, sirup'. Det er i slekt med orda sjerbett og sirup.[5] I ulike språk kan sorbé eller sjerbett visa til isrettar eller isdrikkar om kvarandre.

Soga fortel at keisar Nero i det andre hundreåret sende slavar til fjells for å henta snø, som vart blanda med honning eller vin. I mellomalderen byrja arabarar i Andalusia å bruka sukker i staden for honning i oppskrifta.[6] Saladin skal ha gjeve Rikard løvehjarte ein sorbé laga av frukt og snø frå Libanonfjellet som fredsgåve.[7]

Venetianske handelsfolk tok til seg oppskrifta på isretten. Ifølgje tradisjonen skal den italiensk-fødde dronninga Katarina av Medici ha teke sorbeen med seg til Frankrike, då ho tok med seg italienske ismakarar til det franske hoffet. Ho skal ha smakt sorbetto tutti frutti ved Médici-hoffet i Firenze under ei mattevling der ein apotekar (eller i andre tradisjonar ein hønseoppdrettar), Ruggeri, laga ein rett av frosen frukt og sabayon.[8]

Frå 1600-talet byrja England å importera «sherbet powders» frå Det osmanske riket av tørka flukt og blomar blanda med sukker.[9] I 1662 fanst det eit kaffihus i London som reklamerte for «sherbets made in Turkie of Lemons, Roses and Violets perfumed».[10] I 1670 opna Café Procope i Paris og byrja å selja sorbé.[3]

Då europearane lærte korleis dei kunne frysa is gjennom endoterme reaksjonar byrja dei laga sorbetto ved å blanda fruktjus og smaksstoff til frosen sukkerlake. I USA skil ein gjerne mellom sherbet, ein is laga med meieriprodukt,[9] og sorbet laga utan.[11]

Aria di sorbetto er eit operaomgrep for ein mindre viktig arie som ein til dømes kunne nytta til å kjøpa sorbé.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ayto, John (1. januar 2013). «sorbet». The Diner’s Dictionary. Oxford University Press. Henta 9. mai 2019. 
  2. «sorbé» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
  3. 3,0 3,1 Pappas, Lou Seibert (April 1997). Sorbets and Ice Creams: And Other Frozen Confections. Chronicle Books. s. 11-15. ISBN 978-0-8118-1573-4. 
  4. Liddell, Caroline; Weir, Robin (15. juli 1996). Frozen Desserts: The Definitive Guide to Making Ice Creams, Ices, Sorbets, Gelati, and Other Frozen Delights. Macmillan. ISBN 978-0-312-14343-5. 
  5. «sorbé - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 9. mai 2019 
  6. Liliane Plouvier, L'Europe se met à table. DG Education et Culture, Bruxelles, 2000, s. 60
  7. Bender, David A. (2014). «sorbet». A Dictionary of Food and Nutrition. Oxford University Press. Henta 10. mai 2019. 
  8. Maria Cristina De Montemayor, Monica Baldi (2004). Dolcezze d'Italia. Storie di arte pasticcera e confettiera : dall'antichità all'attualità (på italiensk). M.C. de Montemayor. 
  9. 9,0 9,1 Weir, Robin; Quinzio, Jeri (23. juli 2015). «Sherbet». The Oxford Companion to Sugar and Sweets. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-931339-6. Henta 20. juli 2018 – via Oxford Reference. (krev abonnement (help)). 
  10. Jurafsky, Dan (15. september 2014). The Language of Food: A Linguist Reads the Menu. W. W. Norton & Company. ISBN 978-0-393-24587-5. 
  11. Bender, David A. (2014). «sherbet». A Dictionary of Food and Nutrition. Oxford University Press. Henta 10. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sorbé