Diskusjon:Jiddisch

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
jidiʃ lɛbt · ײִדיש לעבט

Skal denne sida heite jiddisch språk, eller er det nok med berre jiddisch? Slik som hindi og urdu er vel jiddisch berre namnet på eit språk og ikkje noko meir, derfor kunne me kanskje ha det under den enklaste tittelen. -- Ranveig 4. jan 2005 kl. 20:33 (UTC)


Det er greitt for meg, ja. Da blir omdirigeringa unødvendig og. Men han Olve har kanskje ein god grunn for å ha slik presisert overskrift? (For det er vel du som har skrive denne artikkelen, Olve?). Mens vi held på med dette, korfor forma jiddisch, og ikkje yid(d)ish? Eller ei fornorska form som jiddisk? Er forma jiddisch truleg mest utbreidd/kjend i Noreg, meiner de? --Erling 4. jan 2005 kl. 20:53 (UTC)

Jiddisch og jiddisk er dei to «lovlege» skrivemåtane på norsk.[1] På jiddisch heiter det ייִדיש — som kan transkriberast som yid(d)ish, jid(d)ish, jid(d)isch, yid(d)iš eller jid(d)iš. Jiddisch er ikkje berre namnet på eit språk — det er og namnet på ein musikktype, ein litteratur og ein kultur. Slik sett skil det seg noko ut frå hindi og urdu — men mindre ut frå hindustani. Når det gjeld valet mellom formene jiddisch og jiddisk, så er mitt syn at ein i slike fall bør leggje vekt på kva norske brukarar av språket kallar det. Ut frå dette er det best å bruke forma jiddisch. -- Olve 5. jan 2005 kl. 02:16 (UTC)

Grei forklaring og god ordning med fleirtydingsoppslaget på "Jiddisch". --Erling 5. jan 2005 kl. 13:02 (UTC)

Toff/tøff från engelsk eller Jiddisch?[endre wikiteksten]

Enligt bokmåls/nynorskordboka kommer tøff från engelska tough, inte från Jiddisch. Tough kommer från ett samvästgermanskt uttryck för "seg", (eng. "tough", nl. "taai", de. "zäh") inte från Jiddisch, och de flesta bildliga positiva betydelserna verkar ha utvecklats redan i engelskan. Wakuran 24. mars 2009 kl. 01:14 (CET)[svar]

No er det vel ikkje noko i vegen for at ulike tydingar eller nyansar av ordet kan komma frå ulike kjelder, men eg er samd med deg at me gjrne skulle ha ei kjelde på dette. --Ekko 24. mars 2009 kl. 09:56 (CET)[svar]
For ei spesifikk kjelde for det spesifikke sambandet med norsk, sjå http://morgenstierne.org/Schweitzerforlaget/sprak.html (kan lastast ned som e-bok her. Sidan eg har skrive den boka, er det ikkje sikkert det hjelper så mykje i denne diskusjonen. Andre som har arbeidd med jiddisch og norsk er det ikkje så lett å finne... Bokmåls- og Nynorskordboka manglar begge kompetanse på jiddisch. Når det gjeld tydingane av tough på engelsk så er det rimeleg tydeleg både her og her at å forklara ei toff/tøff ordbok eller ein toff [= 'bra'] dag på tivoli i tydinga artig, gjæv, kul som lån frå engelsk blir — tøft (!) å forsvara... Samanlikn da med nederlandsk tof, så blir kontrasten ganske tydeleg..... ;-) Olve Utne 25. mars 2009 kl. 22:32 (CET)[svar]
La inn kjelder no. Håpar dette ser greitt ut. :) Olve Utne 25. mars 2009 kl. 22:46 (CET)[svar]
Absolutt. Det ser no heller ut som om ein treng kjelder på dei positive tydingane i engelsk. --Ekko 26. mars 2009 kl. 11:20 (CET)[svar]
Oxford English Dictionary oppgjev det som tyding nr. 10 for tough: «As an epithet of commendation: very good, ‘great’. U.S. slang (orig. Blacks').» Det eldste dømet deira er frå 1937: «I caught Wright's band last night and are they tough.» (Amer. Speech XII. 45/2). Men kvar amerikanarane hadde ordet frå er ikkje godt å seia. Var vel eit knippe jiddisktalande der og... --Ranveig 26. mars 2009 kl. 23:53 (CET)[svar]
"Tough" i liknande positiv betydelse anges f.ö. också i Random House och American Heritage's ordböcker: [2] (Att den betydelsen är sist tyder iofs på att den inte är så vanlig). Wakuran 29. mars 2009 kl. 03:42 (CEST)[svar]
Der kan vel det engelske ordet toff komma inn som ei muleg (del?)forklaring — eit ord som i seg sjølv lett kan ha vorte lånt via nederlandsk eller direkte frå jiddisch i f.eks. London ein gong dei siste par hundre åra. -- Olve Utne 27. mars 2009 kl. 09:20 (CET)[svar]
Vad menas med "engelske ordet toff", allt jag hittar är [3] och [4], vilket inte har särskilt starka anknytningar i vare sig betydelse eller ursprung till tov, den angivna etymologin för toff är förvrängning av tuft (dott, tust). Wakuran 28. mars 2009 kl. 19:05 (CET)[svar]
Ingen som känner till andra etymologiska källor än Wiktionary? Jag är litet tveksam till att använda en wiki som källa. Bra etymologiska ordböcker för nederländska fanns f.ö. listade på nederländska Wikipedia: http://nl.wikipedia.org/wiki/Etymologie

Wakuran 28. mars 2009 kl. 19:11 (CET)[svar]

Engelsk toff er av fagleg innrømt usikkert opphav og har tuft som ein eksplisitt hypotese. Men det er uansett på sida av poenget her. Når det gjeld nederlandsk tof, så er etymologien ganske uproblematisk. J. de Vries: Nederlands etymologisch woordenboek: finst delvis på nettet. Eg siterer:[5]
tof bnw. (bargoens) ‘betrouwbaar, goed’ < joods tauw ‘goed’ (Moormann I, 351).
-- Olve Utne 28. mars 2009 kl. 23:30 (CET)[svar]
(For ordens skuld: tauw er vestaskenasisk-nederlandsk transkripsjon i høgtysk stil av hebraisk טוֹב — som svarar til tob, tov, tof o.a. i andre transkripsjnsmåtar. -- Olve Utne 28. mars 2009 kl. 23:34 (CET))[svar]
Tack, de Vries är absolut en bra källa. Wakuran 29. mars 2009 kl. 03:35 (CEST)[svar]