Jiddisch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jiddisch (fleirtyding).
Ei side av ei jødetysk–hebraisklatinsktysk polyglottordbok av Elijah Levita trykt på 1400- eller 1500-talet.
Omslaget av ei jiddisch lesebok for 1. klasse trykt i Warszawa i 1958. Sida til høgre er på jiddisch og sida til venstre er på polsk. Tittelen på jiddisch er Trit bey trit. Lernbukh farn ershtn leryor.

Jiddisch, jiddisk eller jødetysk er eit vestgermansk språk som blir tala av ca fire millionar hovudsakleg askenasiske jødar, over heile verda. Før Andre verdskrigen og holocaust/shoah blei språket tala av rundt ti millionar europeiske jødar, og det var daglegspråket deira, sjølve morsmålet (mame-loshn), mens hebraisk berre var synagogespråket. Språket oppstod i Sentraleuropa i høgmellomalderen som ei blanding av høgtyske og sentraltyske målføre, og med mange lånord frå hebraisk og arameisk — seinare òg frå slaviske språk. Namnet jiddisch tyder ‘jødisk’ og er opphavleg ei kortform for 'jidish taitsh', eller 'jødisk tysk'. Ordforrådet er på ca 80 % tyske ord — enkelte av desse er nærmare standard høgtysk enn mange høgtyske målføre; jiddisch blir av og til òg sett som ein tysk dialekt. Jiddisch blir vanlegvis skrive med det hebraiske alfabetet.

Forfattaren Isaac Bashevis Singer (1904–1991), som skreiv på jiddisch, fekk Nobelprisen i litteratur i 1978. Den jiddischspråklege lingvisten Max Weinreich blir ofte nemnd som opphavsmannen til den mykje siterte utsegna «A shprach iz a dialekt mit an armey un flot» אַ שפראַך איז אַ דיאַלעקט מיט אַן אַרמײ און פֿלאָט, 'eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte', men han skal visstnok ha sitert ein tilhøyrar på ei av førelesingane sine.[1]

Jiddische dialektar[endre | endre wikiteksten]

Jiddische dialektar

Jiddisch kan grovt sett delast inn i vest- og austjiddisch. Til dei vestjiddische målføra høyrer mellom anna elsass-jiddisch og eldre tysk og nederlandsk jiddisch. Austjiddische dialektar inkluderer hovudgruppene litauisk jiddisch i nord og polsk jiddisch i sør. Dei jiddische målføra i det vestlege Polen, det austlege Tyskland og delar av Austerrike, Ungarn og Tsjekkia utgjer ein overgangstype mellom vest- og austjiddisch.

Vestjiddisch[endre | endre wikiteksten]

Typisk for vestjiddisch er skilnaden mellom lange og korte vokalar i kombinasjon med stort sett uendra vokalkvalitet frå mellomhøgtysk. Det heiter til dømes bētn (bede) og bettn (senger); hous (hus), vais (kvit) og bu’ch (bok). I ord med opphavleg diftong er det gjerne lengjing av førsteled eller full monoftongering: shtāin ~ shtān (stein); rāuch ~ rāch (røyk). Konsonantsystemet er mykje påverka av tysk både i germanske og hebraiske ord — slik heiter det til dømes gjerne tsēfer heller enn sēfer (tysk har ikkje ustemd framlyds-s).

Ordtilfanget i vestjiddisch er relativt lite påverka av slaviske språk. Blant typiske vestjiddische ord kan nemnast tsu óren (å bede) — jf. austjiddisch tse davenen.

Jiddische ord i skandinavisk[endre | endre wikiteksten]

Ein del jiddische ord blir bruka i skandinaviske språk. Desse orda er gjerne komne til skandinavisk gjennom tysk, nederlandsk eller engelsk — men i nokre fall òg direkte frå jiddisch.

  • birkes (dansk) ~ bergis (svensk) ~ barkis (svensk) m. frøloff — frå vestjiddisch berchessjabbát-brød’.
  • schächte v. | schächting f. slakte dyr etter jødisk rituale — lånt via tysk frå jiddisch shechtn; opphav: hebraisk שְׁחִיטָה šəḥīṭā ‘slakting av dyr etter jødisk rituale’
  • sjofel adj. nedrig — lånt via tysk frå jiddisch שָׁפל shófl; opphav: hebraisk שָׁפֵל šāfēl.
  • toff (dial.) el. tøff adj. i tydinga ‘gjæv’, ‘gild’, ‘flott’ — kanskje lånt gjennom sjømannsspråk via nederlandsk tof[2][3] frå jiddisch טוֹב tov, tof; opphav: hebraisk טוֹב ṭōḇ ‘god, bra’,[4] men ordet blir òg forklart som avleidd frå engelsk tough.[5][6][7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://en.wikipedia.org/wiki/Max_Weinreich
  2. «Tof»WikiWoordenboek (nederlandsk Wiktionary).
  3. «Tof» i J. de Vries: Nederlands etymologisch woordenboek
  4. Utne, Olve: Jiddisch–norsk ordliste : med kortfatta språklære. Askim : Schweitzerforlaget, 2007. e-bok
  5. «Tough» i American Heritage Dictionary, 2000.
  6. «Tough» i Merriam-Webster's Online Dictionary.
  7. «Tøff» i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Peter Althaus: Mauscheln. Ein Wort Als Waffe, Berlin 2003.
  • Marion Aptroot; Holger Nath: Einführung in die jiddische Sprache und Kultur, Hamburg 2002.
  • Solomon A. Birnbaum: Yiddish. A Survey and a Grammar, Toronto 1979.
  • Salomo A. Birnbaum: Die jiddische Sprache. Ein kurzer Überblick und Texte aus acht Jahrhunderten, Hamburg 1974, 2. Aufl. 1986.
  • Ulf Diederichs (Hrsg.): Das Ma'assebuch - Altjiddische Erzählkunst, München 2003, 848 S., ISBN 3-423-13143-8
  • Dovid Katz: Grammar of the Yiddish Language, London 1987.
  • W.B. Lockwood: Lehrbuch der modernen jiddischen Sprache. Mit ausgewählten Lesestücken, Hamburg 1995.
  • Ronald Lötzsch: Jiddisches Wörterbuch, Leipzig 1990 (seither neu aufgelegt als Duden-Taschenbuch).
  • Leo Rosten: Jiddisch. Eine kleine Enzyklopädie, München 2002.
  • Uriel Weinreich: Modern English-Yiddish Yiddish-English Dictionary, New York 1968 (seither mehrfach neu aufgelegt).