Hindi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hindi
(हिन्दी hindī)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   hindi
Bruk
Tala i: Hovudsakleg India
Område: Nord-India og fleire område i resten av verda
Hinditalande i alt: 480 millionar
Rangering: 6
Skriftsystem: Devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i: India
Normert av: Fleire, sjå tekst
Språkkodar
ISO 639-1: hi
ISO 639-2: hin
ISO 639-3: hin

Hindi (devanagari हिन्दी hindī) er eit indoarisk språk som vert snakka som morsmål eller som primært hjelpespråk over store delar av det nordlege og sentrale India, av bortimot 800 millionar menneske. Hindi har hovudbase i dei mellom-indoariske prakritspråka i mellomalderen og dermed òg frå sanskrit. På grunn av den sterke påverknaden frå islam i det nordlege India er det òg mange persiske, arabiske og tyrkiske lånord. Hovudkjelde for lærde uttrykk og nydanna ord er sanskrit.

Ordet hindī skrive med devanagariskrift.

Språkleg variasjon[endre | endre wikiteksten]

Hindi og andre språk[endre | endre wikiteksten]

Lingvistar reknar hindi og urdu som i alle hovudtrekk det same språket — i eldre kjelder helst kalla hindustani — med hovudskilnaden at hindi vert skrive med devanagari-skrift og har sanskrit som hovudkjelde for lærdomsord, mens urdu blir skrive med arabisk skrift og hentar lærdomsorda sine hovudsakleg frå farsi og arabisk. I nyare tid har skriftspråka til både hindi og urdu utvikla seg meir bort frå talespråka og hindustani. Hindi har sett ord henta frå sanskrit i staden for arabiske og persiske lånord, og urdu er blitt meir og meir påverka av arabisk grammatikk (særleg i fleirtal av substantiv) og ordforråd.

Hindi og urdu har i vår tid fire standardformer som litteraturspråk: standard hindi, urdu, dakkhini (el. dakhini) og rekhta. Dakkhini er ein dialekt av urdu frå Deccanområdet i det sørlege Sentral-India, hovudsakleg Hyderabad, som brukar færre persiske og arabiske ord. Rekhta er ei form av urdu som blir bruka hovudsakleg i dikting.

Hindi blir generelt klassifisert under den sentrale sonen av dei indoariske språka. Hindi er det vanlegaste språket i statane og territoria Himachal Pradesh, Delhi, Haryana, Chandigarh, Uttar Pradesh, Rajasthan, Madhya Pradesh og Bihar, såvel som i byane Mumbai og Hyderabad. Språkovergangane er svært gradvise, og det er ikkje lett å definere grensene til den hindi-språklege regionen.

Hindi er det nest mest tala språket i verda, nest etter kinesisk. Kring ein halv milliard menneske i India og andre land snakkar hindi, og det totale talet menneske som forstår hindi er truleg opp mot 800 millionar. Ei undersøking i 1997 konkluderte med at 66 % av alle innbyggjarar i India kan tala hindi, og 77 % av alle indarar reknar hindi som «eit språk over heile nasjonen». Noko over 180 millionar menneske i India reknar hindi som morsmål og kring 300 millionar brukar det som andrespråk. Utanom India blir hindi tala av 890.292 i Sør-Afrika, 685.170 i Mauritius, 232.760 in Jemen, 147.000 i Uganda; 100.000 menneske i USA, 30.000 i Tyskland, 20.000 på New Zealand og 5.000 i Singapore. Hindi vart vedteke som eit av dei offisielle språka i India den 26. januar 1965, og det har status som minoritetsspråk i mange land, inkludert Fiji, Mauritius, Guyana, Surinam, Trinidad og Tobago og Dei sameinte arabiske emirata.

Urdu, som er det offisielle språket i Pakistan, blir tala av om lag 41 millionar menneske i Pakistan og andre land — av dresse kring 26 286 i Noreg.[1]

Dialektar av hindi[endre | endre wikiteksten]

Nokre av språka i den austleg-sentrale sonen av indoariske språk, inkludert dhanvar; og radjasthani, inkludert marvari, blir av mange rekna som dialektar av hindi. Det har tilsvarande vore mykje usemje kring statusen åt språka pandjabi og bihari, inkludert maithili, bhodjpuri og magadhi.

Khariboli eller sarhindi er utgangspunktet for regjeringsspråket og undervisningsspråket i skular. Andre viktige dialektar er harianvi, bradjbhakha, avadhi, kanaudji, bundeli, bagheli, tsjhattisgarhi, bambaiya, bhaya, tsjamari, ghera og gaoli.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fonologien i hindi.

Segmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Hindi har eit rikt konsonantsystem med kring 38 sjølvstendige konsonantar. (Grunnen til at eit nøyaktig tal ikkje kan oppgjevast er at nokre av konsonantane varierer mellom ulike dialektar av hindi — og i tillegg er nokre av konsonantane berre bruka i framandord, slik at det er tvil om dei skal reknast med som del av det primære lydsystemet.)

Den tradisjonelle kjernen i konsonantsystemet, nedarva frå sanskrit, er ein mesta matematisk matrise av 25 lukkelydar der luftstraumen gjennom munnen er fullstendig blokkerte, og 8 sonorantar og frikativar. I tillegg kjem 6 lydar med opphav i farsi og arabisk som no er rekna som ein intern del av lydsystemet i hindi.

Vokalfirkant med typisk uttale av vokalane på hindi. (Grafikk: Jeffrey Connell)

Vokalsystemet i hindi tek utgangspunkt i dei tre vokalane a, i og u, som alle kan vera korte eller lange. I tillegg finst dei lange vokalane e og o og diftongane ai au. Vokalane kan vera orale (ikkje-nasale) eller nasale. (Nasalisering blir i translitterasjon av indiske språk attgjeven som .) Denne skilnaden er meiningsberande som vi ser av det minimale paret है [hai] ~ [hɛ:] ‘han/ho er’ og हैं [haiṃ] ~ [hɛ:ṃ] ‘dei er’.

Suprasegmental fonologi[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste elementet i prosodien i hindi er fonemlengd — både i konsonantar og vokalar. I tillegg har ein ei relativt lett hovudvektleggjing på nest siste staving i ordet om denne stavinga er lang; i tostavingsord der første stavinga er kort og siste stavinga lang er det ofte jamvekt eller vaklande vekt mellom stavingane, og trykket blir mykje påverka av vektleggjingsmønsteret i naboorda. Hovudtrykket blir vanlegvis markert med lågtonekontur. Alt i alt gjer dette at hindi (og urdu) kling noko monotont i øyro på folk frå høgtonespråk som (mange former av) engelsk og italiensk. Språkmelodien i hindi og urdu kan derimot minne mykje om norsk austlandsmål eller walisisk engelsk.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Morfologien i hindi.

Samanlikna med andre indoeuropeiske språk er hindi midt på treet, med mindre bøyingsmorfologi enn språk som sanskrit, latin og norrønt, men meir enn i moderne norsk.

Eit av dei mest slåande trekka ved hindi er den utstrakte bruken av særskrivne postposisjonar.

Substantiv og adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Hindi har eit to-genus-system, substantiv er enten maskulin eller feminin, til skilnad frå sanskrit, som hadde det meir konservative tre-genus-systemet, med nøytrum i tillegg. Genussystemet har rot i biologisk kjønn: Alle ord for menneske av hankjønn og hokjønn har tilsvarande genus.

Substantiv i hindi blir bøygde i tre grammatiske kasusnominativ, akkusativ og vokativ — og i numerus, med trekka singularis og pluralis. Adjektiv blir bøygde i samsvar med genus og numerus til substantiv.

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verb i hindi blir bøygd i person, tal og genus, også slik at det er skilnad mellom maskulin og feminin i første og andre person (menn og kvinner bruker ulike verbformer om seg sjølv). Typisk for hindi er vekslinga mellom bøying av verbforma og bruk av hjelpeverb. Desse distinksjonane blir t.d. uttrykt som bøyingsformer av verbet når formene står i presens, men i preteritum blir dei same formene uttrykt ved hjelp av hjelpeverb som står til verbstammen.

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Personlege pronomen i hindi blir bøygd i kasus (nominativ og akkusativ, men ikkje i vokativ). Pronomenet i tredje person skil ikkje mellom hankjønn og hokjønn (hindi har same ord for han og ho, og oppfører seg dermed som språk som til dømes finsk, som også har same pronomen for han og ho. Grunnen til dette er at hindi har erstatta dei gamle pronomena med demonstrative pronomen, «den».

Derimot har hindi tre ulike pronomen for «du», avhengig av høflegheitsnivå. Den høflege forma er आप (/ɑːp/), som er den same i singularis og pluralis Forma blir brukt i formelle samanhengar til menneske høgare i alder eller rang. Den motsette forma er तुम (/t̪um/), som blir brukt i uformelle samanhenger til menneske lågare i alder eller rang. Den tredje forma er तू (/t̪uː/), som blir brukt mellom nære vener og i poetisk, religiøst språk.

Talord[endre | endre wikiteksten]

Språkslektskapen mellom hindi og norsk kjem klårt fram i talorda frå ein til ti.

Talrekkja frå 1 til 10 i hindi
Tal Devanagari Transkr Tal Devanagari Transkr
1 एक ek 6 छः chaḥ
2 दो do 7 सात sāt
3 तीन tīn 8 आठ āṭh
4 चार cār 9 नौ nau
5 पॉँच pāṃc 10 दस das

Konjunksjonar og subjunksjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit særmerke ved dagens hindi er at konjunksjonar brukt i daglegtala er svært forskjellige frå konjunksjonar brukt i meir formelt eller litterært språk. Mange konjunksjonar brukt i daglegtala har kome inn til hindi frå andre språk. Det litterære språket bruker ikkje desse orda, og har henta konjunksjonar frå sanskrit i staden.

बाप और बेटा bāp aur beṭā «far og son»

Den viktigaste subjunksjonen på hindi er कि ki ‘at’, som står framom setninga eller predikatet det modifiserer:

कया आप जानते हैं कि गाड़ी कब जाती है?
kyā āp jānte haiṃ ki gāṛī kab jātī hai?
Veit de, KI når toget går?

Andre subjunksjonar brukt på hindi inkluderer अगर agar «viss» (यदि yadi på litterært språk) og तो भी to bhī eller फिर bhī phir bhi «sjølv om» (यद्यपि... तथापि... yadyapi... tathāpi... på litterært språk).

Postposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Hindi bruker postposisjonar, som fungerer på den same måten som preposisjonar bortsett frå at dei kjem etter substantivet og ikkje føre. Substantiva står i oblik kasus når dei har postposisjonar.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Hindi er eit SOV-språk, og det har postposisjonar. Dei finitte hjelpeverba kjem til slutt, til dømes maĩ kām kartā hũ «eg arbeid gjerande er» «Eg arbeider». Adjektiva kjem før substantiva i nominalfrasen.

Leksikon[endre | endre wikiteksten]

Nokre norske ord
med opphav i hindi

Orddanning[endre | endre wikiteksten]

Tyding hindi urdu
Gud bhagaván khudáh
diktar kavi sjájar
bok pustak kitáb
handskrift hastáksjar dastakhat
elsk pjár isjq
bursdag djanamdin sálgiráh

Grunnordforrådet i hindi er indoarisk, felles med dei andre indoariske språka. Når det gjeld kulturordforrådet, skil det seg frå den næraste slektningen urdu ved at hindi har lånt kulturord frå sanskrit, mens urdu har lånt tilsvarande ord frå arabisk.

Orddanning i hindi skjer ved avleiing (med suffiks eller prefiks), eller med samansetjing. Suffiksa er vanlegare enn prefiks. Prefiksa er stort sett lånt frå sanskrit, arabisk eller persisk.

Samansette ord blir skrive saman, slik som i norsk.

Normering[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire styresmakter som har ansvar for å utvikla hindiordforrådet og styrkte statusen til språket. Desse inkluderer:

  • Kendrija hindi nidesjalaj eller Central Hindi Directorate (det sentrale hindidirektoratet) trekkjer fram og samordnar bruk av hindi i både statlege og private samanhengar i ulike delane av India.
  • Kendrija hindi samiti eller Central Hindi Committee (den sentrale hindinemnda) formulerer politikken for korleis hindi skal utviklast og brukast.
  • Radjbhasja vibhag eller Department of Offical Language (riksmålsdepartmentet) samarbeider med Kendrija hindi samiti for å fremja bruk av hindi i ulike sentrale departement og nemnder i India, og utviklar ord som tarvst for administrativ bruk av språket.
  • Standing Commission for Scientific and Technical Terminology (den faste komitéen for vitskapleg og teknisk nemningsbruk) har ansvar for å danna ord for vitskapelege og tekniske omgrep og oppfinningar.

I tillegg speler fleire indiske universitet ei viktig, men uformell rolle i å utvikla hindiordforrådet.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Språkhistoria for hindi og urdu.

Hindi og urdu er skriftnormalar for eit indoarisk språk som har utvikla seg frå dialektane tala i Nord-India. Språket stammar frå sanskrit, og har vorte påverka av persisk, arabisk og andre språk over hundreåra.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Skrivemaskintastatur med devanagariteikn for å skriva hindi.

Hindi blir, til liks med fleire andre språk i Sør-Asia, skrive med devanagari-skrifta. Skriftspråket er godt, devanagari-skrifta attgjev lydsystemet i munnleg hindi svært nøyaktig, slik at nokon som kan devanagariskrifta kan lesa opp ein tekst skriven på hindi på fullt forståeleg vis endatil om han eller ho ikkje forstår noko som helst av språket.


Hindi si stilling i det indiske samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Hindi på reklamebanner i den heilage byen Varanasi.
Sjå også Språk i India.

Etter frigjeringa frå det britiske koloniveldet i 1947 var det ein sterk vilje i det indiske samfunnet til å bygge det sjølvstendige India på hindi som nasjonalt språk. I tillegg til hindi kjem det 14 andre offisielle språk på delstatsnivå, dei største av dei er telugu, bengali, marathi og tamil. Målsetjinga var å bruke engelsk som eit hjelpespråk i ein overgangsperiode.

Denne overgangsperioden har fått eit meir og meir permanent preg, og bruken av engelsk vorte ein sentral del av det indiske samfunnet, spesielt for overklassa. Mange av delstatane som ikkje har hindi eller nokre av dei nære slektspråka til hindi som offisielt språk (særleg delstatane med dravidiske språk som offisielle språk) vil heller ha engelsk enn hindi som felles språk for heile India.

Litteratur på hindi[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga av hindilitteraturen går attende til prakritane som utgjer ein del av dei klassiske sanskrit-skodespela. Tulasidas sitt skodespel Ramacharitamanas var svært populært. Moderne meistrar inkluderer Sumitra Nandan Pant, Maithili Sharan Gupta, Mahadevi Varma, Ajneya og Munshi Premchand.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1.1.2004 [1]