Diskusjon:John Williams (1941–)

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg trudde ikkje parantesar vart brukt i artikkel-namn på nynorsk wikipedia?81.191.49.141 27. august 2012 kl. 19:47 (CEST)[svar]

Nei, det har du heilt rett i. HallvardLid (diskusjon) 27. august 2012 kl. 22:35 (CEST)[svar]
Stemmer ikkje heilt. Unntaket er som det var i denne artikkelen når ein nyttar føde og dødsår i artikkelnamnet eller for fleirtydingssider. --Frokor (diskusjon) 28. august 2012 kl. 04:52 (CEST)[svar]
Beklagar dersom endringa mi var for brå, Frokor. Men løysinga med fødselsår var ikkje den som vart vald då me laga skilje mellom dei to Bill Evans'ane i 2011. Her vart yrkestittel lagt til for å skilja mellom to namnebrør, og Kaitil argumenterte i diskusjonen for at slike artiklar ikkje treng å flyttast, t.d. når personen døyr. Eg synest difor dette er ei betre løysing, også fordi eg er tilhengjar av konsekvente reglar så langt me får det til. HallvardLid (diskusjon) 28. august 2012 kl. 10:07 (CEST)[svar]
Det finst ein eldre diskusjon ein stad (hugsar ikkje kvar), der det vart avgjort å nytte parantesar med årstal for personar med same namn. Det finst mange døme på slike namn i fødd-kategoriane. Eg meiner me så langt som mogeleg bør unngå tunge artikkelnamn med substantiv føre sjølve namnet. Det går òg kjapt å flytte artikkelen når det vert naudsynt. --Frokor (diskusjon) 28. august 2012 kl. 10:19 (CEST)[svar]
Det kan sjå ut til at det er vanskeleg å få til ein konsekvent regel i dette tilfellet då! Vel, då let eg saka liggja inntil vidare. HallvardLid (diskusjon) 28. august 2012 kl. 10:56 (CEST)[svar]