John Williams (1941–)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

For filmmusikkomponisten, sjå John Williams.

John Williams
Guitarist John Williams in performance (Cordoba, 1986).jpg
Fødd24. april 1941 (78 år)
FødestadMelbourne
FødenamnJohn Christopher Williams
OpphavAustralia, Storbritannia
Aktivca. 1958 til i dag
SjangerKlassisk musikk
InstrumentGitar
Kjende instrumentSmallman gitar, Ignacio Fleta, Hernandez y Aguado, Gibson Les Paul, Didgeridoo
PlateselskapSony Records
Verka sommusikar, musikkpedagog, klassisk gitarist, utøvar, komponist
Gift medSue Cook
PrisarDen britiske imperieordenen

John Christopher Williams (fødd 24. april 1941) er ein Grammy Award-vinnande australsk klassisk gitarist, rekna som ein av dei beste i sin generasjon. Han bur i Storbritannia.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

John Williams vart fødd i Melbourne i Australia. Han har ein engelsk far, Len Williams, som seinare vart grunnleggjaren av London Guitar School. Williams har òg australsk-kinesisk mor (dotter av Melbourne-advokaten William Ah Ket). I 1952, reiste familien attende til England. Williams vart undervist først av faren sin, og fekk utdanning ved Friern Barnet Grammar School i London. I ein alder av elleve gjekk han på sommarkurs med Andrés Segovia ved Academia Musicale Chigianai i Siena i Italia. Seinare gjekk han på Royal College of Music i London frå 1956 til 1959 og studerte piano fordi skulen ikkje hadde gitaravdeling på den tida. Etter eksamen vart han tilbode høvet til å skape ein slik gitaravdeling. Med tanke på kjærleiken han hadde for instrumentet, greip han sjansen og dreiv avdelinga dei to første åra.

Klassisk gitarist[endre | endre wikiteksten]

Den første profesjonelle framferda til Williams var i Wigmore Hall i London 6. november 1958. Sidan då har han opptredd over heile verda og har hatt regelmessige framferder på radio og TV. Han har spelt nesten heile repertoaret for gitar og har utvida det ved å bestille gitarkonserter frå komponistar som Stephen Dodgson, André Previn, Patrick Gowers, Richard Harvey og Steve Gray. Han har spelt inn duettalbum med andre gitaristar, Julian Bream og Paco Peña.

John Williams har gjort ein stor innsats for å bringe komponisten Augustin Barrios fram i ljoset. Williams har ofte snakka godt om arbeidet til Barrios. Sjølv seier han at han trur Barrios er den største komponisten av gitarmusikk.[treng kjelde] Han har òg jobba med samtidige komponistar frå heimlandet sitt Australia, blant anna Phillip Houghton, Peter Sculthorpe, Ross Edwards og Nigel Westlake.

Andre sjangrar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1979 til 1983 var Williams med på fem utgjevingar med Sky.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]