Diskusjon:Leo Jogiches

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ranveig seier ho har rydda i kategoriane. Vel, dersom Jogiches (og Wels og Haase og Levi) ikkje skal ha kategoriane "sosialisme" og "arbeidarrørsla" og "arbeidarhistorie", men berre kategoriane (av dette slaget) "sosialistiske politikarar" og "folk frå arbeidarrørsla", så vil eg nemne at under dei førstnemnde tre kategoriane er det mange som då må bytte kategori. No er det til dømes mange fleire sosialistiske politikarar som ikkje er i kategorien "sosialistiske politikarar" enn dei som er der. Er Ranveig klår over det? Dersom ho har bestemt at Jogiches skal omkategoriserast, tar ho vel alle dei andre aktuelle òg då, slik at systemet blir konsekvent? --Erling 4. april 2006 kl. 11:17 (UTC)

Ja, Ranveig veit godt at det er mykje rot i kategoriane våre. Ho skulle gjerne gjeve alle saman ei god overhaling, slik at kvar og ein fekk det innhaldet og dei interwikipeikarane dei treng. Dessverre er ho ingen robot som kan driva med slikt arbeid 24 timar i døgnet. Ein robot ville heller ikkje kunna ha plassert artiklar heilt rett, og kunne til dømes ha funne på å plassera ein person i kategori:sosialistiske politikarar når han eigentleg høyrde heime i kategori:sosialistiske sumobrytarar. Så kanskje det er like greitt.
Heldigvis finst det ei god dugnadsånd her på nn: slik at Ranveig ikkje er nøydd til å gjera dette store arbeidet heilt åleine. -- Ranveig 5. april 2006 kl. 13:46 (UTC)
Viss vi legg til sides stakhanovdiskusjonen litt, og fokuserer på korleis vi Eigentleg Vil Ha Det, ser det for meg ut til at den endringa Ranveig har komme med er fornuftig. Det blir sjølvsagt inkonsekvent ei stund, men alle som slår opp på kategorien kategori:sosialisme, vil finne både subkategorien kategori:sosialistiske politikarar, og politikarar frå Fjørtoft via Furre til Furubotn. Det fornuftige systemet vil då vere ferdig til å bli justert, noko det ikkje hadde vore viss Ranveig ikkje hadde laga den nye kategorien. Så dette er eit steg i rett retning. Trondtr 6. april 2006 kl. 05:27 (UTC).
Eg gjekk gjennom A-H, men let eit par sentrale folk stå (Bernstein, Engels, Gramsci) (hmm, dei burde kanskje ha vorte dobbeltkategorisert, både som politikarar og direkte under sosialisme). Trondtr 6. april 2006 kl. 05:36 (UTC)