Diskusjon:Mannsnamn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mannsnavn av germansk opphav ender gjerne med konsonant, står det. Men Helge, Tore, Sondre, Snorre, Terje, Trygve, Sverre, Olve og alle venene deira er vel ikkje sjeldnare enn at det kunne stått «ender gjerne med ein konsonant eller ein trykklett e». Så får heller Sturla og Ola kjenne seg litt utanfor...... - - Knut 07:22, 29 januar 2008 (CET)

Eg veit ikkje om døma mine var noko vinning for artikkelen, ta dei bort om dei forstyrrar. Det står vidare at «Det er også uvanleg i vestleg tradisjon at eit mannsnam går over til å bli eit kvinnenamn;» - er det ikkje motsett?? (Mannsnamna Gunnlaug, Frøy, Brynild er vel i dag helst bruka av kvinner; pluss alle mannsnamna som vert kvinnenamn om vi legg til ei hokjønsending). - - Knut 16:56, 29 januar 2008 (CET)
Kva veg gjekk Tarann? --Ekko 17:31, 29 januar 2008 (CET)
Det er fleire menn som heiter Taran no enn før, men namnet er framleis eit kvinnenamn:
Av 165 brukarar er 157 kvinner [1] , i 1900 var det 33 kvinner av 34, i 1801 var det 98 kvinner av 98 [2] (Eg har slått saman Taran og Tarand, sidan folketeljingane ikkje har konsekvent rettskriving).
Er Tarann verd ein eigen artikkel, eller skal vi omdirigere til Torunn? - - Knut 19:01, 29 januar 2008 (CET)
Takk for fin finlesing, Knut, dette burde læra meg å sjå nøyare etter når eg legg ut ein artikkel eg har resirukulert frå ein annan. Ettersom en:Taran også er i bruk internasjonalt kan me kanskje omtala også den norske namneforma der? --Ranveig 20:39, 29 januar 2008 (CET)