Diskusjon:NRK

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dobla artiklar ved fullt namn og forkorta namn?[endre wikiteksten]

Ser at det finst uavhengige artiklar om NRK/Norsk rikskringkasting, Sosialistisk Folkeparti/SF osv. Eg trur ikkje dette er så lurt — det fører lett til uoversiktleg artikkelstruktur og dobbeltarbeid. I nokre fall står forkortingane for meir enn éin ting òg — slik som ved SF, som er ein del bruka som forkorting for Science Fiction. Eg trur det kan vera lurt å ha artikkelen på det fulle namnet (Norsk rikskringkasting, Dei sameinte statane, Sosialistisk folkeparti, Høgre, Norsk raudt fe, Møre og Romsdal fylkesbåtar...), og å gjera forkortingane til tilvisingar der dei er eintydige og til fleirtyding der dei er fleirtydige. -- Olve 20. feb 2005 kl. 2032 (UTC)

Eg er samd med Olve. Som konsekvens bør me endra namn på artiklar som FTP, IP, IRC, MTB, NATO, XML, m.fl.
--Verdlanco (diskusjon) 20. feb 2005 kl. 2209 (UTC)

Eg er samd med Olve, men ikkje med Verdlanco! Der forkortingar er så innarbeida at dei er blitt namn som mange ikkje veit kva står for, bør artikkelen liggja under forkortinga. NRK er eit tvilstilfelle, dei fleste veit kva det står for, men det er stort sett forkortinga som blir brukt i dag. -- Ranveig 21. feb 2005 kl. 2157 (UTC)

Wikipedia skal vera ein stad å finna informasjon på. Det er meir informasjon i ein uforkorta tittel. Mange av dei som slår opp ei forkorting, gjer det for å finna ut kva forkortinga står for. Då er det fint å kunne lesa det ut av tittelen.
På den andre sida: Det finst vel ingen eintydige forkortingar, so med mitt framlegg til regime vert vel mest alle forkortingssider fleirtydingssider! Kanskje ikkje ei ideell løysing, det heller.
--Verdlanco (diskusjon) 21. feb 2005 kl. 2211 (UTC)

Eg trur det er vrient å laga generelle reglar som vil høve overalt, - vi må kunne bruke vårt språklege skjønn litt, også. Det er jo ulike inngangsportar til stoffet. Via Søk-funksjonen er det minst problematisk, fordi tilvisingar/fleirtydingssider raskt kan bringe brukaren fram til rett artikkel. Indekseringa i kategoriar er derimot meir problematisk. I Kategori:Biokjemi ligg det lenke til ein artikkel om Deoksyribonukleinsyre. Er det sjølvsagt at dette er arvestoffet DNA? Neppe for dei fleste. Dermed burde kanskje denne artikkelen hatt tittelen Deoksyribonukleinsyre (DNA) med forkorting og namn som separate tilvisingar. Eg saknar høvet til å kunne overstyre visningsnamnet i kategoriar, slik at det kan tilpassast dei ulike kategoriane. Det ville i mange høve vore meir informativt. Men som ein hovudregel bør ein søke å bruke det fulle namnet som tittel, og så vurdere om det i enkelte høve må gjerast informative grep. I dette konkrete høvet er det for meg logisk at artikkelen heiter Norsk rikskringkasting med NRK som tilvising. --Kristian Haraldson 23. feb 2005 kl. 1346 (UTC)

Eg er svært einig i at det sjeldan går an å få til faste, ubrytelege reglar for namngjeving av artiklar. Lagar me slike, kan oppslagsverket fort bli for komplisert å bruka. På den andre sida er det greitt med retningsliner, og så får me diskutera tvilstilfella etter kvart.
Mitt forslag til hovudregel er å bruka fulle norske namn, men forkortingar for utanlandske dersom denne er allment brukt. Dette vil gjera livet enklare både for dei som skriv og lager lenkjer, og for dei som søker.
Forslaget om Deoksyribonukleinsyre (DNA) er forresten ei god løysing, så lenge det ikkje går an å overstyra tittelvisingar i kategoriane. -- Ranveig 24. feb 2005 kl. 2341 (UTC)
DNA er ikkje noka norsk forkorting (ho er engelsk), og stiller difor i klasse med TCP, FTP osb. Deoksyribonukleinsyre, derimot, er norsk. For å ta FTP som døme i staden for DNA: Vil vi at artikkelen skal heita Filoverføringsprotokoll (FTP)? Eg synest det skurrar.
--Verdlanco (diskusjon) 25. feb 2005 kl. 0743 (UTC)
No har i alle fall einkvan (130.67.217.130) teke seg til rettes og ikkje flytta sida NRK til Norsk Rikskringkasting, men oppretta ein ny artikkel og flytta innhaldet dit. Som eit eksperiment forsøker eg meg difor no på dét å gjera forkortinga om til ei peikarside, for då kan båe titlar visast i kategoriane, og det vert lett å finna både NRK og Norsk Rikskringkasting.
--Verdlanco\diskusjon 11. apr 2005 kl. 0858 (UTC)