Diskusjon:New York by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

mars 2005[endre wikiteksten]

New York City er meg bekjent eit namn på ein by. Det heiter ikkje "New York by". Eg kan ta feil... --Bep 17. mar 2005 kl. 2146 (UTC)

Vel, eg og Språkrådet [1] seier New York by. Offisielt namn er vel New York, New York, som lett blir litt for sinatra-aktig. -- Ranveig 17. mar 2005 kl. 2206 (UTC)
OK --Bep 17. mar 2005 kl. 2213 (UTC)
OK, etter å ha lese språkrådet si tilråding: Dei seier New York (by). Ikkje New York by. --Bep 17. mar 2005 kl. 2216 (UTC)
Nei, det dei meiner er at du kan kalla byen New York eller New York by. Wikiaktig parentesbruk er ikkje god norsk. -- Ranveig 18. mar 2005 kl. 0709 (UTC)
Kinkig sak... «New York by» stemmer svært dårleg med språkøyra mitt... «Byen New York» kunne vera brukande (i motsetnad til «Staten New York»). «New York (by)» kling òg betre, men har desse noko irriterande parentesane. «New York City» kling vel omtrent like heimenorsk som «Oslo City» og trondheimskjøpesentret «City Syd», men har fordelen framfor desse to at det i det minst er eit «innfødd» namn... Eg stemmer for å leggje sida på «Byen New York», med omdirigeringar frå New York City, New York (by), New York (by), New York, NY, New York, New York og New York i New York. (Mange former ja, men det kan vera greitt å bruke ørlite grann ekstra databaseplass på å laga artikkeltreff på alle formene folk er truande til å søkje på). -- Olve 17. mar 2005 kl. 2333 (UTC)

Eg er einig i at byen New York høyret betre ut. Kva er gale med (del)staten New York? Me snakkar jo ofte om staten Washington. -- Ranveig 18. mar 2005 kl. 0709 (UTC)

Ooops... :) Tvetydige ord er ikkje bra! Eg meinte å seie at ordlydsmotsetnaden «Byen New York» og «Staten New York» er bra — ikkje at «Byen New York» er bra i motsetnad til «Staten New York» som ikkje er bra. -- Olve 18. mar 2005 kl. 0722 (UTC)
Viss me vel namnet Staten New York, bør me av symmetrigrunnar òg skrive Staten Ohio, Staten Nord-Dakota, Staten California, osb. For desse andre namna verkar det litt smør-på-flesk-aktig, sidan alle veit at dei er namn på (sambands)statar (og ikkje noko anna). Og kva skal me då kalla artikkelen om Staten Island?
Eg røystar for Byen New York for byen New York, og New York for sambandsstaten New York. Washington, DC for byen Washington, Washington for sambandsstaten Washington. (Eg trur ikkje vi treng noka fleirtydingsside for nokon av dei.)
--Verdlanco\diskusjon 25. mai 2005 kl. 0736 (UTC)
Du kan nok ha eit poeng der... (Skal tyggje litt på det.) Men på den andre sida så er det no minst treogtrygve stader som heiter Washington,1 så der trur eg no ikkje vi kan unngå ei fleirtydingsside av eit eller anna slag. ;-) Olve 25. mai 2005 kl. 0749 (UTC)
Du har rett i dét. Kanskje artikkelen om delstaten Washington kan opna med «Sjå òg Washington (fleirtyding)» e.l.?
--Verdlanco\diskusjon 25. mai 2005 kl. 0828 (UTC)
Gjerne det. :) Olve 25. mai 2005 kl. 0920 (UTC)

Kva skal artikkelen om hovudstaden i Mexico heite då? --Jorunn 25. mai 2005 kl. 0938 (UTC)

Mexico by for byen, Mexico for staten. Det er jo naturleg å nemna byen Mexico i artikkelen om staten Mexico, gjerne i opningsavsnittet. Der puttar vi inn ein peikar til Mexico by (eller Distrito Federal, som meksikanarane sjølve seier) .
--Verdlanco\diskusjon 25. mai 2005 kl. 0950 (UTC)
Men kvifor Byen New York, men Mexico By, kvifor ikkje Byen Mexico? --Jorunn 25. mai 2005 kl. 1054 (UTC)
Ciudad de México er no rette namnet på byen da...! ;-) Sa namnepuristen... Olve 25. mai 2005 kl. 1105 (UTC)
Min meksikanske kollega hevdar at det aller «rettaste» er Distrito Federal. :-) På norsk går no både Byen Mexico og Mexico by bra, men det siste er nok vanlegare. Når det gjeld byen New York, seier dei aller fleste nordmenn «Ny York», eller «byen Nyjork», sjølv om dei skriv «New York». Nesten ingen seier «New York by». Dette kan jo endra seg over tid, men inntil vidare synest eg at det mest naturlege er:
  1. å kalla artiklane Byen New York, Mexico by og Guatemala by
  2. å ha omdirigeringar frå New York by, Byen Mexico og Byen Guatemala
  3. å ha ein peikar til by-artikkelen (eller evt. til ei fleirtydingsside) øvst i artiklane New York, Mexico og Guatemala
--Verdlanco\diskusjon 25. mai 2005 kl. 1206 (UTC)

Verdlanco skriv: "Viss me vel namnet Staten New York, bør me av symmetrigrunnar òg skrive Staten Ohio, Staten Nord-Dakota, Staten California, osb." Eg kjøper ikkje symmetriargumentet. Fordi om eitt namn er fleirtydig, treng me ikkje "straffa" alle dei andre namna som ikkje er det ved å gjera dei meir kompliserte. Ekstraord som "Staten", "Namnet" osb bør bare brukast dersom det er grunn til det. Eller? -- Ranveig 25. mai 2005 kl. 1917 (UTC)

Uff, eg gjekk visst i baret! Etter først å ha argumentert for lik namngjeving av symmetrigrunnar, går eg like etter inn for asymmetri mellom «Byen New York» og «Mexico by»! :-)
Etter denne pinlege avsløringa lyt eg vel vera mindre bastant i symmetriargumentasjonen min, ja.
--Verdlanco\diskusjon 26. mai 2005 kl. 0838 (UTC)
He he - det er vel bare å innrømma at verda ikkje er ein symmetrisk stad, og innretta seg etter det... -- Ranveig 26. mai 2005 kl. 1750 (UTC)

Infoboks[endre wikiteksten]

Ville ikkje infoboksen ta seg betre ut om han var smalare? --Sigmundg 17:12, 4 september 2007 (CEST)

Heh, jau! Legg til eit tvungen linjeskift mellom Queens og Manhattan, det skulle vel vere mogleg... --Anders 17:31, 4 september 2007 (CEST)

Notabilitet eller leksikalitet framkommer ikke[endre wikiteksten]

"Det vert sagt at «New York er den einaste byen arrogant nok til å kalle seg sjølv verdas hovudstad, og den éinaste byen som er i stand til å leve opp til den tittelen»." Sju hav (diskusjon) 1. juli 2018 kl. 18:44 (CEST)