Diskusjon:Ny Tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

- Eg lagra nett ei endring her som "uviktig"; det var feil, for det var ei "større" utbetring og utviding... :-)

- Er det naudsynt å ha to avskilde artiklar for avisa Orientering og Ny Tid? Vil ikkje Orientering gli lett inn i historia til Ny Tid? / Kurtber|Ordskifte 4. mai 2006 kl. 23:05 (UTC)

Det er større grunn til å ha to åtskilde artiklar no enn før, da Ny Tid no er kjøpt opp av eit kommersielt forlag og har vorte eit magasin med meir uklår politisk line. Med andre ord: Det er ikkje lenger gitt at det er Ny Tid som vidarefører Orienteringstradisjonen. Somme vil hevde at det i like stor grad er avisa Klassekampen som idag gjer det. Såleis har SV- og Nei til EU-veteranen Dag Seierstad, som i mange år hadde fast EU-spalte i Ny Tid, no fast spalte i Klassekampen. --Erling 5. mai 2006 kl. 05:34 (UTC)
Trass i at Klasskampen i dag står som den einaste "partieigde" venstreside-avisa er det Ny Tid som sit på "retten til" vidareføringa av Orientering, sidan heile Orienteringsredaksjonen gjekk inn i Ny Tid då SF gjekk inn i SV. Ny Tid er veldig klår på at dei ønskjer å halde Orienteringstradisjonen i hevd som nyhendemagasin, med to sider i kvar utgåve med tekstar frå gamle Orientering. Til samanlikning vil vi vel ikkje skrive to artiklar om Morgenbladet, trass i at dei, på fleire tidspunkt i historia har endra redaksjonell profil kraftig. (Likeeins med Aftenposten, som ikkje bør få ein eigen artikkel frå perioden 1940-1945 - eller lokalavisa Firda, som var reint NS-styrt i same periode)
Klassekampen har sine røter i Akp, medan Orientering/Ny Tid har røtene i SF/SV. Klassekampen har òg endra redaksjonell profil sidan den gongen, men ikkje namn. Skal vi skilje mellom Orientering og Ny Tid, bør vi kanskje òg skilje mellom Klassekampen (1961-1991) og Klassekampen (1991 ->), då det vart avgjort på ei generalforsamling at avisa skulle vere uavhengig av Akp? Det same gjeld for Nationen (Bondeparti-organ), Dagbladet (Venstreorgan i nokre år), osb.
Det vil vere vanskeleg å føre ein konsekvent politikk med oppdeling av avis-artiklar etter politisk standpunkt.
Når det er sagt er eg sjølvsagt tvilsam til at Ny Tid faktisk fører vidare nokon Orienteringstradisjon som heileigd Damm-magasin, men på same viset er Nationen i dag ofte SP-kritiske og Dagbladet Venstre-kritiske. Det er like fullt vidareføringa av den tidlegare publikasjonen, og vi må legge vekt på dei politiske endringane i redaksjonane i historie-delen av artiklane tykkjer eg./ Kurtber|Ordskifte 5. mai 2006 kl. 07:45 (UTC)


Kurtber har gode argument, og eg bøyer meg. --Erling 5. mai 2006 kl. 08:00 (UTC)

Er det ikkje Martine Aurdal som er redaktør no?81.191.145.172 5. mai 2006 kl. 10:19 (UTC)

Ho er konstituert redaktør i plassen til Dag Herbjørnsrud, men det er han som "har" tittelen. / Kurtber|Ordskifte 5. mai 2006 kl. 12:05 (UTC)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 01:30 (CEST)

[daud lenkje]