Firda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg «Firda og Sygnafylkets Avis»
Firda
TypeDagsavis
FormatTabloid
Oppretta1917
Første trykk1917
Opphald i produksjonenNS-styrt frå
1942 - 1945
MålformNynorsk
Regionavis forSogn og Fjordane
(Kjerneområde: Sunnfjord)
EigarskapA-pressa (100%)
Opplag11 634 (2014) 
RedaksjonskontorFirdavegen 12
Postnummer6800
StadFørde
Ansvarleg redaktørJan Atle Stang  (2003-)
NyhenderedaktørTrond J. Grimeland  (2011-)
Kulturredaktør ()
Nettstadfirda.no
Firda

Firda vart grunnlagt i 1917 av Kristian Ulltang som eit bygdeblad for Indre Sunnfjord. Føremålet var å stå imot mediedominans frå Florø, som var den einaste byen i regionen.

Avisa hadde i 2005 eit opplag på 14 008 aviser med i gjennomsnitt 35 sider, seks dagar i veka. Dette gjer Firda til den største avisa i Sogn og Fjordane framom Sogn Avis. Firda har i seinare tid rekna heile Sunnfjord som nedslagsfelt, og i kommunane Naustdal, Jølster, Askvoll, Førde, Gaular og Hyllestad vert ho tinga av over 70 % av husstandane.

Hovudredaksjonen ligg i dag på Øyrane i Førde, historisk har den mellom anna halde til i Elvehuset i Førde Sentrum. Firda har avdelingskontor i Dale, Florø, Høyanger, Askvoll og Sandane. Pr. 2006 hadde avisa 65 årsverk delt på 75 tilsette, og selskapet hadde ein omsetnad på 73,8 millionar kroner.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1942 til 1945 vart Firda teken over av nazistar og driven av A/S Det Nye Firda med nazivenlege sympatisørar, innsette av Nasjonal Samling.

I 1990 kjøpte Avishuset Firda trykkeriet Øens prent og skipa Firda Trykk. I 1991 kjøpte selskapet seg inn i video-produksjonsselskapet Vest Vision med 37 % av aksjane.

Mediehuset Firda i Førde

Etter eit oppkjøp i 1996 har avishuset vore 100 % eigd av A-pressen ASA, og er i dag ansvarleg for A-pressen sine marknadsaktivitetar i Sogn og Fjordane. Målsetnaden til selskapet er regional dominans av heile mediemarknaden i fylket.

I 1998 oppretta avishuset nettstaden firda.no og i 2007 radiokanalen Radio Vest. Avishuset er pilot i A-pressen si satsing på Origo.no i 2007. Det lokale namnet er Fjordaglimt.no.

Avishuset eig også Sogn og Fjordane Avistrykk som i 2006 omsette for 21,7 millionar kroner.

Saman med Firdaposten, Sogn Avis og A-pressen Lokale Medier AS starta Firda i 2007 selskapet Sogn og Fjordane Distribusjon AS.

Firda.no[endre | endre wikiteksten]

Firda.no driv i nært samarbeid med den øvrige redaksjonen i Firda og blei lansert offentleg 1. februar 1998. Frå 1998 til 2005 var innhaldet først lokale nyhende frå avisa Firda sitt dekningsområde, og med annonser og diskusjonsforum. Frå 2006 vart dekningsområdet utvida til å omfatte alle kommunane i Sogn og Fjordane fylke.

I 2007 er firda.no den største lokale nyheitsportalen i Sogn og Fjordane og vart i 2007 kåra av Mediebedriftenes Landsforening til Årets lokale nyheitsnettstad 2006.

Firda.no og Radio Vest har felles redaksjon, marknads- og utviklingsavdeling i Førde.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 14 628
2001 14 658
2002 14 499
2003 14 239
2004 14 108
2005 14 006
2006 13 979
2007 13 914
2008 13 875
2009 13 585
2010 13 330
2014 11 634

Redaktørar i Firda[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.