Diskusjon:Olaus Abelseth

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det å overleve eit forlis nok til eigen artikkel?--Andreasv (diskusjon) 15. april 2013 kl. 10:30 (CEST)[svar]

Dersom det kan dokumenterast, og det er noko spesielt med historia, vil eg svara ja på det! Betty Mouat er ein annan artikkel me har av same typen... Her er godt med kjelder. HallvardLid (diskusjon) 15. april 2013 kl. 11:49 (CEST)[svar]
I seg sjølv er verken å overleve eller å omkome i eit forlis eller annan ulukke grunnlag for eigen biografiartikkel.
Viss det er så at han er kjend utover det å ha overlevd, ved at historia til ein hovudfigur i ein storfilm (dels) er bygd på forklaringa hans frå forliset vil han kunne vere kjend nok på det grunnlaget. --178.232.140.176 15. april 2013 kl. 17:40 (CEST)[svar]
Olaus Abelseth berga livet i ein stor skipskatastrofe, i lag med hundrevis andre. Skal vi ha artiklar om alle som vart berga etter Titanic-forliset, vil det bere heilt på vidotta. Og korfor skal vi ikkje ha artiklar om alle dei som bleiv i same katastrofen?
Karakterane i spelefilmen er etter alt sannsyn fiksjonelle personar, altså personar som er gitt dei karaktertrekk som oppbygginga av manus "krev". Det kan godt vere at manusforfattar(ane?) har lese alle tilgjengelege fyrstehandskildringar frå forliset, men å tru at mange av karakterane i spelefilmen representerer historiske personar er vel for rein spekulasjon å rekne. --Migne (diskusjon) 16. april 2013 kl. 10:38 (CEST)[svar]
Vel, eg synest dette er ei interessant historie. Det er ingen som meiner at alle Titanic-overlevande eller -omkomne fortener eigen artikkel. Men i og med at denne Abelseth har redda ein medpassasjer, må han vera for ein slags helt å rekna, trass i at han ikkje har motteke noka utmerking eller medalje. Og då hadde vel ingen tvilt på om personen var ein artikkel verdt? Men det er ikkje berre mi stemme som tel her, og dersom eit fleirtal meiner artikkelen bør slettast, skal eg bøya meg for det. Då bør også Betty Mouat slettast. HallvardLid (diskusjon) 16. april 2013 kl. 11:25 (CEST)[svar]
Betty Mouat er sentral i eine soga, Titanic i den andre. Begge desse er verd eit oppslag i wp. Skuta Columbine er ikkje verd ein artikkel, ei heller Olaus Abelseth. Begge desse sistnemnde er sekundære i kvar si hending.--Migne (diskusjon) 16. april 2013 kl. 11:34 (CEST)[svar]
Du har kanskje rett. Historia om Abelseth kan heller flettast inn i artikkelen om Titanic. HallvardLid (diskusjon) 16. april 2013 kl. 12:19 (CEST)[svar]
Samd med Hallvard om å la stå. Eg er òg samd med Migne om at me nok ikkje treng ein artikkel om alle overlevande, eller berre alle norske overlevande eller omkomne for den del (evt. kunne dei plasserast i ein og same artikkel), men eg tvilar sterkt på at me får eit ras av artiklar om overlevande frå forliset om me let vere å slette denne. Sjølv om akkurat denne personen er notabel nok, treng ikkje alle personar innan same kategori vere det. Skriv derimot gjerne om skuta Columbine òg. --Frokor (diskusjon) 16. april 2013 kl. 12:25 (CEST)[svar]

Det var 31 nordmenn på Titanic, Abelseth var ein av dei som overlevde og fortalde si historie. Det er historia og ikkje personen som er offentleg, det er hovudgrunnen til at han fortener ein plass. Spekulasjonen om at Abelseth inspirerte figuren i filmen er det NRK som formidlar (her kunne det sjølvsagt vore ein fordel med meir solid dokumentasjon). Han ga også eit omfattande vitnemål for den amerikanske kongressen. Ei løysing er å innarbeide dette som eit avsnitt i hovudartikkelen.--80.212.78.17 16. april 2013 kl. 12:44 (CEST)[svar]

Til samanlikning har BM Wikipedia har heile lista over nordmenn ombord, også kort omtale av enkelte. http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_norske_passasjerer_ombord_p%C3%A5_RMS_Titanic Mvh --80.212.78.17 16. april 2013 kl. 13:26 (CEST)[svar]
I og med at denne lista og liknande artiklar finst på bokmålswiki, synest eg denne artikkelen skal ha livsens rett likevel. Dette er heller ikkje den fyrste artikkelen om ein norsk Titanic-passasjer me får. No fjernar eg slettemerkinga inntil vidare, så kan vi heller samla kreftene om å fjerna artiklar som korkje har relevans eller kjelder. HallvardLid (diskusjon) 17. april 2013 kl. 12:37 (CEST)[svar]