Diskusjon:Påskekylling

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utsagnet «...både innan heidensk og kristen tradisjon» er pussig. Ein heidning er vel ein person som ikkje har same religion som majoritet i samfunnet. I Noreg er vel det dei som ikkje har kristendomen som religion, i Saudi-Arabia dei som ikkje trur på Islam, i India dei som ikkje trur på hinduismen, osb. Sigmundg (diskusjon) 13. april 2019 kl. 21:09 (CEST)[svar]

«Heiden» viser gjerne til noko som ikkje er kristent, jf. «heiden» i Nynorskordboka.. Men det ville ikkje vera noko problem i å bytta til "andre" eller "ikkje-kristen" om det gjer tydinga klarare. --Ranveig (diskusjon) 14. april 2019 kl. 07:50 (CEST)[svar]
Tja, det står vel «som ikkje høyrer til kristendomen (eller andre store kulturreligionar) heiden tru / heidne folkeslag». Før inføringa av kristendome i Noreg var vel åsatru ein stor «kulturreligion». Det var rett nok fleire variasjonar av åsatru, men det er det òg av Islam og kristendomen. Sigmundg (diskusjon) 14. april 2019 kl. 11:29 (CEST)[svar]