Diskusjon:Programvara brannmur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vil foreslå å skilja mellom systemprogramvare (kjerne, drivarar, nettverk, sikkerheitskopiering, etc.) og brukarprogramvare (skrive- og teikneprogram, CAD, etc.). Kategoriane «Brukarprogram‎» og «Systemprogramvare‎» finst alt. Så kanskje denne artikkelen byrde heite «Systemprogramvara brannmur»? Det er litt langt, men samstundes meir informativt. --Sigmundg (diskusjon) 25. mai 2012 kl. 18:19 (CEST)

«Programvara» i tittelen her er berre for å skilja denne typen brannmur frå den som hindrar spreiing av brann. Presedensen er vel at ein skriv Guden Kama i staden for «Hinduguden Kama», og Planeten Merkur i staden for «Den terrestriske planeten Merkur»--Njardarlogar (ordskifte) 25. mai 2012 kl. 18:57 (CEST)
Jau, eg skjønar det. Eg har no endra lenkja i fyrste setninga, slik at ho syner til systemprogramvare. Eg meiner det er viktig at lesarane får med seg at ein brannmur ikkje er eit brukarprogram. --Sigmundg (diskusjon) 25. mai 2012 kl. 21:31 (CEST)