Planeten Merkur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Merkur Astronomisk symbol for Merkur
Merkur
Bilete teke av MESSENGER-sonden. Fargane er kunstige.
Baneparametrar (Epoch J2000)
Store halvakse 57 909 176 km
0,38709893 AE
Banens omkrins 360 000 000 km
(2,406 AE)
Eksentrisitet 0,20563069
Perihel 46 001 272 km
0,30749951 AE
Aphel 69 817 079 km
0,46669835 AE
Omløpsperiode 87,96935 d
(0,2408470 år)
Synodisk periode 115,8776 d
Gjennomsnittleg banefart 47,36 km/s
Maks. banefart 58,98 km/s
Min. banefart 38,86 km/s
Banehelling 7,00487°
(3,38° til solas ekvator)
Lengda til
oppstigande knute
48,33167°
Perihelargument 29,12478°
Talet på satellittar 0
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 4 879,4 km
(0,383 · jordas)
Overflateareal 7,5·107 km²
(0,147 · jordas)
Volum 6,1·1010 km³
(0,056 · jordas)
Masse 3,302·1023 kg
(0,055 · jordas)
Snitt tettleik 5,427 g/cm³
Ekvatorial tyngdekraft 3,701 m/s2
(0,377 G)
Unnsleppingsfart 4,435 km/s
Rotasjonsperiode 58,6462 d (58 d 15,5088 t)
Rotasjonsfart 10,892 km/t (ved ekvator)
Aksehelling ~0,01°
Rektasensjonen
til nordpolen
281,01° (18 t 44 min 2 s) [1]
Deklinasjon 61,45°
Albedo 0,10-0,12
Overflatetemperatur:
min snitt maks
90 K 440 K 700 K
Atmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk spor
Kalium 31,7%
Natrium 24,9%
Atomisk oksygen 9,5%
Argon 7,0%
Helium 5,9%
Molekylært oksygen 5,6%
Nitrogen 5,2%
Karbondioksid 3,6%
Vatn 3,4%
Hydrogen 3,2%
Merkur og Jorda
Mercury Earth Comparison.png
Storleiken til Merkur (til venstre) og Jorda i samanlikning.

Merkur er den inste og minste planeten i solsystemet. Han har ein diameter på  4 880  km, og banen ligg om lag 58 millionar km frå sola eller 0,39 jordbaneradiar.

Merkur har ein gjennomsnittleg overflatetemperatur på 452K (+179 °C). Den maksimale dagtemperaturen er rundt +430 °C og nattestid når temperaturen ned mot −170 °C. Ingen annan planet i solsystemet kan visa til større temperatursvingingar.

Grunna storleiken og den kjemiske samansettinga vert Merkur rekna til steinplanetane. Merkur kan verta særs lyssterk (storleiksklasse –1,9), men fordi han aldri fjernar seg meir enn 28° frå sola, er han vanskeleg å få auge på og kan berre sjåast i ein kort periode før soloppgang eller etter solnedgang. Merkur viser fasar, akkurat som månen. Då banen dannar ein vinkel på 7° med ekliptikken, vil planeten normalt passera under eller over solskiva. Men dersom planeten då er nær ein av baneknutane, vil han passarar føre solskiva. Slike Merkur-passasjar fann stad 6. nov. 1993, 15. nov. 1999, 7. mai 2003, og 8. nov. 2006.

Den første romsonden som utforska Merkur var Mariner 10 (1974-75). Seinare har MESSENGER-sonden passert Merkur to gonger i 2008 og har kartlagd overflata i større detalj. MESSENGER passerte Merkur i 2009 før han gjekk inn i bane i 2011.

Namnet «Merkur» kjem frå den romerske guden Mercurius og det astronomiske symbolet til planeten er , det same som for kvikksølv. Merkur har ingen månar.

Atmosfære[endre | endre wikiteksten]

Atmosfæren til Merkur er samansett av oksygen, kalium og natrium og er ekstremt tynn, tynnare enn laboratorieteknisk «vakuum» på jorda, på grunn av . For alle praktiske føremål kan ein difor sjå på Merkur som utan atmosfære. Gjennomsnittleg oppheld dei atmosfæriske atoma seg berre tre timar i Merkur sitt gravitasjonsfelt før dei forsvinn ut i rommet.

Den intense solstrålinga og den svake gravitasjonen frå Merkur gjer at planeten ikkje kan halda på noko atmosfære. Mariner 10 viste òg at atmosfæren er særs tynn, berre ein billiondel (10–12) av tettleiken til jordatmosfæren. Han består vesentleg av helium som vert tilført av solvinden som vert fanga inn av det særs svake magnetfeltet til planeten, som har ein styrke på under 1 % av magnetfeltet til jorda. At magnetfeltet er så lågt, kjem av den særs langsame rotasjonen til Merkur.

Overflate[endre | endre wikiteksten]

Merkur har ei overflate veldig lik månen. Overflata reflekterer berre ca. 6 % av sollyset med mange krater etter meteorittnedslag. Det mest særprega krateret er Caloris-bassenget med ein diameter på ca. 1350 km. På motståande side av planeten finst eit konsentrisk mønster av ringar som truleg er danna av sjokkbølgjer etter Caloris-nedslaget. I tillegg er overflata dekt av mange lange klippeliknande formasjonar. Desse er truleg forma ved at overflata har krympa.

Nokre av kratera har lyse, radielle striper, kanskje danna ved nedslag av kometkjernar. Det finst store sletter der kratertettleiken er mykje mindre og alderen difor lågare, truleg på grunn av seinare utstrømming av lava.

Den særs langsame rotasjonen av Merkur gjer at temperaturen på dagsida kan nå opp i over 430 °C, men søkk til nesten –200 °C på nattsida. Utruleg nok tyder radarbilete av eit krater som alltid er i skuggen på at det finst is i kraterbotnen.

Grove detaljar på Merkur er observert med radar frå jorda og med Hubble-teleskopet. I 1974 passerte romsonden Mariner 10 nær opp til Merkur tre gonger og fotograferte ca. halvparten av overflata med oppløysing ned til 100 m.

3. august 2004 sende NASA opp romsonden Messenger, som etter nære passeringar av jorda i august 2005, og av Venus i oktober 2006 og juni 2007, flydde nær opptil Merkur i januar og oktober 2008 og i september 2009. I mars 2011 vart romsonden plassert i bane rundt Merkur og hadde i mai 2012 gjort 2000 omløp rundt planeten. Messenger har avbilda nesten heile planeten og målt samansetnaden av overflata, atmosfæren og magnetosfæren.

Den europeiske romorganisasjonen ESA planlegg i samarbeid med den japanske romorganisasjon JAXA å senda opp romsonden BepiColombo til Merkur i juli 2016. Romsonden er venta å nå fram til Merkur i januar 2024, vil to instrumentsondar plasserast i bane rundt planeten. Den eine sonden skal i låg bane avbilda planeten i detalj og gjera svært nøyaktige målingar av forma og gravitasjonsfeltet til Merkur. Den andre sonden skal utføra målingar av magnetfeltet og ionosfæren.

Indre struktur[endre | endre wikiteksten]

Merkur har ein midlare tettleik på 5,43 g/cm³, som er nesten like høg som tettleiken til jorda, men radiusen er knapt tredjeparten. Merkur er difor mykje mindre komprimert enn Jorda og må innehalde langt meir tyngre grunnstoff. Han har truleg ein metallkjerne som fyller volumet til halve planeten. Resten vert trudd å vera silikat. Dette rimar med at Merkur vart danna særs nær sola der temperaturen lenge var for høy til at silikat vart kondensert frå urtåka som solsystemet oppstod frå.

Banen[endre | endre wikiteksten]

Newton sin gravitasjonsteori syner at på grunn av perturbasjonar frå Venus og dei andre planetane, vil Merkur-perihelet til banen flytte seg austover. Den franske astronomen U. Le Verrier påviste i 1845 at han observerte rørsla overskrei den utrekna med 40 bogesekund (moderne verdi 43,0 bogesekund) per hundreår. Ein fann ingen forklaring på dette før i 1915, då Albert Einstein utvikla den generelle relativitetsteorien, som forlanger ei perihelrørsle som stemmer overeins med den observerte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet