Guden Kama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framstilling av Kama frå 1700-talet.

Kama er ein hindugud for sanseleg kjærleik. Han skal ha oppstått på same tid som verda, og er kalla den mektigaste av gudane i Rigveda, som andre gudar må bøya seg for. Som lekamgjering av krafta som driv menneske til å formeira seg og slik oppretthalda den sanselege verda er han herskaren over samsara.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Kama (sanskrit कामदेव) er sanskrit for 'kjærleik' eller 'lengt'. Guden er også kalla mellom anna Ananga, ‘utan kropp‘, Dipaka, ‘den som set fyr’; Gritsa, ‘den skarpe’; Madani, ‘berusaren‘, Mayi, ‘luraren’; Mara, ‘øydeleggjaren’ og Titha, ‘eld’. Han er også likna med eldguden Agni eller framstilt som ein hjelpar for denne.

Namnet til maken hans, Rati, tyder 'attrå'.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Sjasmin er eit av symbola til Kama.

Kama er ofte framstilt som ein vakker ung mann, og ber som andre kjærleiksgudar pil og boge. Som greske Eros eller romerske Cupido kan Kama skyta piler som fyller den som blir treft med attrå. Bogen er skildra som laga av eit sukkerrøyr med honningbier på, som også dannar bogestrengen. Pilene er smykka med fem ulike velluktande blomar: Kvit lotus, blå lotus, sjasmin og blomar frå mango- og asjokatre.

Ridedyret hans er ein papegøye, Suka, eller makara, eit vasslevande fabeldyr. Rati rir på ei due. Andre symbol for Kama er våren, ein lett bris, gauken og bier som summar.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Det er svært få hindutempel vigde til Kama, og ein lager ikkje statuar for heimetilbeding av han. Det finst likevel framstillingar av guden i tempelutskjeringar i nokre tempel.

Vårhøgtida holi, som i dag blir feira for Krisjna, var truleg opphavleg ei høgtid for Kama. Andre namn på høgtida er Madana-mahotsava eller Kama-kahotsava.

Hennadekorasjonar av brura sine føter før vigselen kan avbilda papegøyen til Kama.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Den best kjende soga om Kama er korleis han prøvde å vekka Sjiva frå ein svært djup meditasjon for å bry seg om maken Parvati. I sinne over å bli uroa opna Sjiva sitt tredje auge og brann kroppen hans til oske. Men Kama og kjenslene til Sjiva blir likevel vekt til live igjen, i nokre versjonar av Sjiva sjølv etter at Parvati har mint han om kor viktig Kama er for verda, i andre blir han gjenfødd ved hjelp av Brahma, som er redd for at heile verda skal gå i stå utan Sjiva.

Kama er nært knytt til Krisjna, og blir i krisjnadyrkande retningar av hinduismen ofte identifisert med han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kama», A Dictionary of World Mythology. Arthur Cotterell. Oxford University Press, 1997.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]