Diskusjon:Prostitusjon i Bergen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag til sletting av side[endre wikiteksten]

(Flytta frå Wikipedia:Sletting)

Prostitusjon i Bergen. Eg meiner ein statusrapport frå middelalderen ikkje treng nokon eigen artikkel – dette passar betre som ein del av Bergens historie. --Eddi (Snakk) 10. apr 2005 kl. 1647 (UTC)

Eg ser ingen grunn til å slette denne. At det bør nemnast i Bergen si historie, er noko heilt anna. -- Larsivi 10. apr 2005 kl. 1659 (UTC)
Potensielt kan ein skriva ein lengre artikkel om emnet "Prostitusjon i Bergen". Det er skrive fleire artiklar og hovudoppgåver som kjem inn på temaet. "Prostitusjon" er eit eige oppslagsord i Bergen byleksikon, og det er gjort framlegg om eit eige museum for dei prostituerte i Bergen. Om museumsplanane, sjå [1]. Om det er nokon som veit meir om temaet, så kan det skrivast om emnet heilt fram til i dag. --Gunnernett 10. apr 2005 kl. 1754 (UTC)
Eg er einig i at dette er ei spire, som ikkje bør slettast. Det er ei styrke med eit spennande mangfald i artiklane. Viser ein til denne artikkelen frå Bergen-artikkelen kjem den truleg til å verte større og meir omfattande. --kurtber 10. apr 2005 kl. 1943 (UTC)
No meinte eg ikkje at innhaldet burde slettast, men at det ikkje trong vera ein eigen artikkel. Viss det er stemning for at artikkelen skal stå, vil eg fjerna {{sletting}} og flytta denne diskusjonen til Diskusjon:Prostitusjon i Bergen. --Eddi (Snakk) 10. apr 2005 kl. 2152 (UTC)
Det forstod eg :) Eg meiner at temaet (slik det m.a. vert lagt fram frå Gunnernett sitt innlegg) er godt for ein eigen artikkel. kurtber 11. apr 2005 kl. 2326 (UTC)