Diskusjon:Rusmiddelet cannabis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg har byrja på eit grovarbeid her, men veit ikkje om eg kan stå heilt inne for det. Dette er stort sett omsetjing av delar av det bokmålswiki skriv. Eg har ikkje fått med noko om verknader eller slikt. Det må inn snøggast råd. Historikken er òg interessant, men ikkje so viktig, tykkjer eg. På bokmålswiki har dei ei åtvaring om medisinske atterhald. Kanskje det hadde vore fint? Me har vel ikkje noko slikt? --Sigbjørn 19:03, 22 oktober 2006 (UTC)

Cannabis er då langt meir enn eit rusmiddel. Artikkelen om rusmiddelet bør flyttast til hasj, marihuana og/ eller THC, så bør artikkelen om planta handla om planta. Inkludert alle bruksområde i Noreg og utlandet. --Tannkrem 19:11, 22 oktober 2006 (UTC)
Hei Tannkrem! Eg er ikkje sikker på om eg er samd, men eg er samd i at dette ikkje er fullgodt. Eg trur eg synst bokmålsfolka har gjort dette ganske bra. Søk på cannabis der, om du ikkje har gjort det. Meiner du ditt framlegg er betre?--Sigbjørn 21:18, 23 oktober 2006 (UTC)
Eg meiner at andre bruksområde for hamp bør ha ein større plass i ein artikkel om cannabis, dessutan er det vel vanleg at artiklar om planter og dyr handlar litt om biologi. Det er berre så dumt at det ikkje finst nokon annan fellesnemnar for hasj og marihuana. Bokmålsartikkelen er ein fin artikkel, men der og er det berre rusmiddelet det handlar om.
Den engelske wikipediaen er etter mi meining ofte ein betre referanse enn bokmålen. På en: har dei mange artiklar om cannabis: Fleirtyding på en:. Går det an å finna eit anna namn på denne artikkelen, så kan me laga ein biologiartikkel om cannabis-planta? Det er vel eit mål at nynorsk wikipedia skal vera betre og rettare enn bokmålsversjonen? --Tannkrem 22:06, 23 oktober 2006 (UTC)
Det norske namnet på planta er hamp, der bør botanikkartikkelen ligge, med ei omdirigreing frå Cannabis sativa som er det latinske namnet. Så kan all rusmiddelpraten ligge under Cannabis. --Ekko 22:11, 23 oktober 2006 (UTC)
Heilt greit at du vil kalla planta for hamp på norsk, men då er det vel cannabis og ikkje cannabis sativa som skal omdirigerast dit? Cannabis sativa er berre ein av cannabis-artane, stemmer ikkje det? Kva då med cannabis indica og cannabis ruderalis? Kan ikkje denne artikkelen heita t.d. rusmiddelet cannabis, så kan cannabis vera omdirigering til hamp? --Tannkrem 22:21, 23 oktober 2006 (UTC)
Eg har sletta det om trikom etter innspel frå Ekko. (Sjå brukardiskusjon:Ekko) Om det er feil, må det vekk. Om det er rett, er det kor som er ikkje veldig viktig. --Sigbjørn 13:29, 25 oktober 2006 (UTC)
Den norske planta hamp heiter cannabis sativa på latin. Om desse andre er varietetar av c. sativa eller eigne artar er omstridt. (Kjent fenomen, det same gjeld t.d. einer). Uansett plar me å ha artiklar på norsk namn, med omdirigering frå latinsk namn. Eg synest setninga "Slekta Cannabis inneheld kun ein art, men fleire identifiserte variantar. Cannabis sativa er planta med dei høgaste konsentrasjonane av THC, og er den varianten som er mest nytta til rusmiddel." er uklår og truleg feil, og gjer framlegg om sletting. --Ekko 22:28, 23 oktober 2006 (UTC)
Ja, om ikkje nokon andre enn meg vil flytta artikkelen, må det i det minste leggjast inn ein sånn "Sjå òg"-sak øverst, så folk som leitar etter artikkelen om cannabis-planta kan finna han. --Tannkrem 22:33, 23 oktober 2006 (UTC)
Og for min del må du gjerne fjerna tvilsame opplysningar. Det finst nok mange myter og galne oppfatningar om denne planta. --Tannkrem 22:35, 23 oktober 2006 (UTC)
Bokmålsutgåva har jo nettopp slik fleirtyding (Cannabis (peker)). Søk på cannabis på no: i staden for å nytta lenkja frå nn:. Eg trur eg er mest samd med Ekko (dersom det er noko usemje å snakka om). Eg oppfattar at han er tilhengjar av ei løysing som liknar bokmålsvarianten. Eg meiner det hastar mest å få ut noko om narkotika. Det botaniske og det industrielle (eller kva ein kallar det) er mindre viktig. Eg synst me anten skal ta inn desse to elementa som mindre delar av rusmiddelartikkelen, eller berre laga nokre spirar. Om me lagar spirar kan me gjerne gjera cannabis til peikar side og flytta innhaldet her til cannabis (rusmiddel) eller liknande. Eg har ikkje noko mot å stryka setninga Ekko nemner. Ho er vel betre etter redigering, men kanskje lite vits i? --Sigbjørn 13:13, 25 oktober 2006 (UTC)
«Om me lagar spirar kan me gjerne gjera cannabis til peikar side og flytta innhaldet her til cannabis (rusmiddel) eller liknande.» Nett ei slik løysing vil eg ha. --Tannkrem 21:29, 26 oktober 2006 (UTC)
Flott! Kan du gjera det? Eg er ikkje sikker på om eg vil få det til. --Sigbjørn 21:33, 26 oktober 2006 (UTC)
OK, då prøver eg å få til noko slikt. Flyttar denne artikkelen til Rusmiddelet Cannabis. --Tannkrem 21:37, 26 oktober 2006 (UTC)

Eg la inn ein tabell. Han er ikkje so fin, og eg veit ikkje som slike tabellar er velkomne. Eg har ikkje peiling på programmering og om mange artiklar var fulle av slik koding, ville nok treskelen vore for høg til at eg våga meg utpå å verta wikipedant. Korleis funkar slike skjema som ein har i artiklar om land, til dømes? Er det forresten nokon med peiling på narkotika som vil vurdera om narkoman.net er ei god og påliteleg kjelde? Bør me føra sida opp som ekstern lenkje?--Sigbjørn 21:33, 26 oktober 2006 (UTC)

Særnamn?[endre wikiteksten]

Eg dreit meg kanskje ut no når eg flytta artikkelen? Cannabis skulle vel hatt liten forbokstav? --Tannkrem 21:49, 26 oktober 2006 (UTC)

Tja...jau..ja... Eg synst det er greitt slik. Når cannabis står som ord nummer to er det litt lite synleg. Då er det fint med stor C. Synst no eg. Godt arbeid. --Sigbjørn 22:08, 26 oktober 2006 (UTC)
Liten c er nok rett når det er snakk om rusmiddelet. Og rett skal det jo vera. -- Ranveig 09:54, 27 oktober 2006 (UTC)

Diskusjon om fleirtydingsside er flytt til Diskusjon:Cannabis

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 25. august 2008 kl. 02:30 (CEST)

[daud lenkje]

Død lenke 2[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 02:30 (CEST)

[daud lenkje]

Død lenke 3[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 25. august 2008 kl. 02:30 (CEST)

[daud lenkje]