Eine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Einer)
Gå til: navigering, søk
Eine
Jeneverbes.jpg
Eine (Juniperus communis subsp. communis) i Nederland.
Vitskapleg namn
Juniperus communis
Utbreiing
Habitat: Terrestrisk
Utbreiing: Den nordlege halvkula
Systematikk
Familie: Sypressfamilien
Slekt: Einerslekta

Eine eller einer (Juniperus communis), òg kalla brake, brisk og sprake er eit litevore bartre av sypressfamilien med varierande vekstform. Eine har aromatisk, kompakt og sterk ved med bark av utprega baststruktur. Veden er veleigna til småhusflid. Einebær blir mykje bruka til krydder — særleg til viltrettar, pinnekjøt og til brennevinet sjenever (genever, gin).

Grein med mogne og umogne einebær.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eine kan anten ha form som busk eller tre. Planten kan bli opptil 10 meter høg, men er som oftast lågare. Rotplanten er fleirstamma og forgreiner seg nede ved bakken. Greinene peiker oppover, og krona er kjegle- eller søyleforma. Eine kan også danna tuebestanda eller ha form som ein rund busk. På fjellet kan planten ha ei krypande form.

Nålene står i trekopla kransar om greina. Dei er harde og stikkande. Hannblomane er gule, hoblomane grønne. Planten ber små konglar som utviklar seg til mogne blå einebær i løpet av 2-3 år.

Planten er særbu med hann- og hokongler på separate individ. Frøa blir spreidde av dyr. Hannblomane er gule, medan hoblomane er 1-3 mm store grøne kongler. Begge blomane står plassert i bladhjørnene, normalt som særbu på hver sin plante.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Eine har nokre underartar:

  • Eine (Juniperus communis)
    • Vanleg eine (Juniperus communis ssp. communis) – Eurasia
    • Fjelleine (Juniperus communis ssp. alpina) – Eurasia og Nord-Amerika

Begge underartane har 22 kromosom (2n).

Vanlig eine veks i det nordlege Europa inklusive Skottland og nordlege England, i tillegg til Sibir. Den har spisse og slanke nåler. Busken eller treet kan bli inntil 15 meter høgt. Nålene er inntil 2 cm lange og sprikande, og har eit smalt, blåkvitt band av spalteopningar på oversida. Den veks på tørr hei og i tørr skog, opp til tregrensa. I Norden er utbreiingsområdet nesten heile Noreg, Finland, Danmark, Færøyane og Sverige, og alle kystområda på Island. Den veks derimot ikkje på Svalbard.

Fjelleine er låg og krypande, og veks på heile den nordlege halvkula – hos oss i høgareliggande strok opp til 1.730 moh. i Lom i Oppland. Blada er båtforma og ikkje særleg spisse. Nålene er innoverbøygde, og inntil 1,5 cm lange. Det kvite bandet av spalteopningar på oversida av nålene er om lag dobbelt så breide som dei grøne kantane langs bladkanten. I Norden veks den i fjellstroka av Noreg og Sverige, på Jylland, det nordlege Sjælland og på Bornholm.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Einebær er bruka som krydder i samband med viltrettar og pinnekjøt, og stundom òg i andre matrettar. Dei blir stundom brukt som smakstilsetting i brennevin. Sjenever (òg kalla genever eller gin) er smaksett med einebær.

Brekte pinnar av eine blir lagde nedst i gryta når ein dampar pinnekjøt blant ein del vestlandsfamiliar. Desse pinnane hjelper til å halde kjøtet ut av vatnet, og dei gjev i tillegg pinnekjøtet ein lett aroma av eine. Ein kan òg leggja til nokre einekvistar med bar og bær på for ekstra smak.

Husflid[endre | endre wikiteksten]

Eine er sterk, fleksibel og sein til å rotne og eignar seg dermed godt til tilverking av ulike reiskap og børnskap som lyt tola vêr og vind. På Nordmøre vart fiskekrokar av eine bruka til relativt moderne tid, og munnlege tradisjonar om dette vart nedskrivne på 1800-talet.

Rettvaksne, berkte eineemne eignar seg godt til staur. På grunn av liten tilgang på rette emne er det ikkje så vanleg å bruke eine til vanleg gjerdestaur, men einestaurar er tradisjonelt ein del bruka som hesjestaur, og dei er spesielt veleigna som kornstaurar.

Nokre stader på Vestlandet blir einekvistar tradisjonelt bruka til brakekledning — ein byggjeteknikk der eit rammeverk i stavverk eller bindingsverk blir tett utfylt med ein grov vevnad av uberkte einekvistar med bar. Brakekledning er mest bruka i samband med uthus som naust, løer og utløer.

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Ettersom einer er ein vanleg busk i Noreg, har han gjeve namn til fleire stader i Noreg, som Briskeby, Einerhaugen og Enerhaugen. Planten har derimot ingenting å gjera med mannsnamnet Einar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]