Hamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Hamp».
Hamp
Hamp
Hamp
Hamphoe
Hamphoe
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Cannabaceae
Slekt: Hamp Cannabis
Art: Hamp C. sativa
Vitskapleg namn
Cannabis sativa

Hamp eller harp (Cannabis sativa) er ein eittårig plante med gulgrøne blomstrar og motsette handdelte blad. Planten har vore nytta til tau, tekstilar og anna gjennom historia, men er no mest kjend som rusmiddel (sjå cannabis).

Hamp stammar frå Asia. Han er mykje dyrka i Søraust-Europa, Italia og Japan. Tidlegare vart planten dyrka i Sverige, og det vart gjort forsøk også i Noreg. Planten er funnen spreidd på avfallsplassar og liknande over heile Noreg, men er ikkje rekna som reproduserande.[1]

Hamp er særbu. Hannplanten har finare bastfibrar enn hoplanten, og gjev difor betre hampfibrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hamp, Cannabis sativa L. , artsdatabanken.no
  • Lid, J.: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
  • «Hamp» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. juli 2015.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.