Diskusjon:Samiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Inndeling[endre wikiteksten]

Føreslår å ha ein bolk om hovudinndeling/underdeling av samiske språk på fonologisk og leksikalsk grunnlag. -- Olve 30. nov. 2005 kl. 23:31 (UTC)

Du meiner historisk, rekonstruksjon? Det må i tilfelle vere under dette avsnittet: "Overgangen frå ursamisk til moderne samisk". Trondtr 30. nov. 2005 kl. 23:37 (UTC).
Historisk, rekonstruksjon? Ikkje nødvendigvis — det kan godt vera synkront òg; tenkte vel så mykje på ordgeografi à la Oskar Bändle, karakteristiske grammatiske drag og ei oppsummering av konsekvensane av dette for i praksis og på eit vis som ikkje-spesialistar får auge på. Det kan godt gjerast under bolken du føreslår. Eventuelt kan det gjerast nærme toppen i ein bolk med namn som «inndeling», «gruppering» eller liknande.. :-) Olve 30. nov. 2005 kl. 23:53 (UTC)

Russland i 5000 år[endre wikiteksten]

Eg skulle gjerne sett ein dokumentasjon på dette, og eg synst heller ikkje det passar inn i ein språkartikkel.stykkjet 18. april 2006 kl. 08:43 (UTC)

Eg gjekk ut i frå at den setninga var vandalisme, og vi sletta det også (i lag med teksten vbvbvmvbnvb eller kva det var). Sjølve saka er litt meir samansett enn den setninga vi fjerna, og sannsynlegvis slik: Samane sine forfedre kom til Nordkalotten etter siste istid. De skifta språk til vesturalsk for kanskje 5000 år sidan. Austersjøfinsk og samisk skilde seg frå kvarandre som språk med innverknad frå baltarar og germanarar for kanskje 3000 år sidan (dette er ikkje mitt spesialfelt, eg må sjå nærare på åra). Men å skilje mellom "Russland" og andre land for 5000 år sidan er sjølvsagt anakronistisk. Trondtr 18. april 2006 kl. 10:12 (UTC).

Samsvarsbøying av adjektiv[endre wikiteksten]

(Bortsett från att adjektiva i samisk retter sig ikkje etter substantiva) Er det slik? "Av alle språk i verda er det berre i dei samiske og dei austersjøfinske språka der adjektiva rettar seg etter substantiva, utan at substantiva samtidig har genus."

  • Moteksempel eg veit:
    • Even, Evenki (og flere andre tungusiske språk)
    • Nivkh
    • Itelmen
    • Greenlandic
    • Armensk
    • Kayardild

Michael.riessler 29. oktober 2011 kl. 20:24 (CEST)