Uralske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uralske språk (i mørkegrønt) og dei andre språkfamiliane i verda.
Geografisk utbreing for dei uralske språka

Uralske språk er ein språkfamilie som består av to hovudgrupper: dei finsk-ugriske (som før vart sett som ein sjølvstendig språkfamilie) og dei samojediske. Tre uralske språk, alle finsk-ugriske, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar: ungarsk, finsk og estisk. Med unntak av minoritetar i dei skandinaviske landa og Latvia høyrer mest alle dei andre uralske språka heime i Russland. Nokre av dei, slik som komisk og mari, har eigne autonome republikkar, men ein stor del av dei mindre uralske språka er utryddingstruga. Sørsamisk, som blir tala i Noreg og Sverige, er òg sterkt truga.

Typologiske særdrag ved dei uralske språka[endre | endre wikiteksten]

Dei uralske språka har mange felles trekk, på alle delområda av grammatikken. Mest avvikande frå det uralske grammatiske mønsteret er dei vestlegaste språka; ungarsk, austersjøfinsk og samisk, som er mest påverka av typologisk sett ulike språk. Men desse avvika er ikkje store.

Syntaktiske fellestrekk[endre | endre wikiteksten]

I alle dei uralske språka dominerer postposisjonane over preposisjonar. SOV (dvs. verbet står etter objektet) er dominerande, sjølv om det blant fleire av dei vestlegaste språka er mykje SVO.

Dei uralske språka har ikkje eigedomspronomen av den typen vi har i norsk, der mine i mine bøker står i fleirtal fordi bøker står i fleirtal. I staden bruker dei eit eige suffiks, slik at finsk for «mi bok» og «mine bøker» blir kirjani (av kirja, «bok»). Dei kan også bruke genitivforma av det personlege pronomenet, som i nordsamisk mu girji «mi bok» og mu girjjit «mine bøker».

Dei uralske språka har i utgangspunktet ikkje noko verb av typen eige eller ha. Eigeforhold blir i staden uttrykt syntaktisk, på ein av to måtar: Lokalkasus, som i finsk Minulla on auto «eg har ein bil», bokstavleg omsett «eg-adessiv er bil»,[1] eller med genitiv, som i marisk məjən mašinašte ola, bokstavleg «eg-genitiv er bil-min».[2]

Negasjon kan i verdas språk uttrykkjast på tre ulike måtar, som fritt adverb, som i norsk, som suffiksverbet, som i tyrkisk, eller som sjølvstendig verb. Dei uralske språka (bortsett frå ungarsk) bruker dette siste alternativet. I austmarisk er t.d. «eg kjem» og «du kjem» tolam og tolat, «eg, du kom» er toləm, toləš. Negerer vi dette får vi om tol, ot tol for «eg, du kjem ikkje» og šəm tol, šəš tol for «eg, du kom ikkje».

Morfologiske fellestrekk[endre | endre wikiteksten]

Uralske språk er av den same agglutinerande typen som vi finn i tyrkisk. Kvart suffiks uttrykkjer ein grammatisk eigenskap, og denne grammatiske eigenskapen blir alltid uttrykt med eitt og same suffiks. I marisk blir t.d. dativ uttrykt med -lan, og fleiral med -wlak, for alle substantiv, så vi har olmalan og olmalanwlak for « til eitt/fleire eple». I eit språk som norrønt har vi derimot fleire suffiks for dativ, alt etter bøyingsklasse (-i, -u, -a), og kombinasjonen av dativ og pluralis blir uttrykt med eitt udeleleg suffiks, -um, Dei uralske språka som ligg lengst unna den reine agglutinerande typen er samiske språk, dette som resultat av sterk germansk påverknad.

Det uralske urspråket hadde sannsynlegvis i underkant av 10 kasus. Dei fleiste uralske språka har 13-15 kasus, dvs. dei har fått fleire kasus etter kvart, ved ein prosess som kallast grammatikalisering: Tidlegare sjølvstendige ord får reindyrka grammatisk funksjon, og blir hekta på andre stammar som suffiks. T.d. tilsvarer den samiske postposisjonen haga kasus abessiv i finsk (-tta), desse to går attende til same form ta(ga). Denne prosessen ser vi klårt mellom dei permiske språka, der komi har 19 kasus og komipermjakisk har 27 kasus, der dei nye kasusa har komme til i løpet av det siste millenniumet. I det andre ytterpunktet kjem nordkhantisk, med 3 kasus for substantiva og 5 for pronomena.

Tabellen nedanfor viser dei rekonstruerte ururalske kasusendingane. Forskarane er samde om hovudtrekka, når lista varierer litt frå forskar til forskar kjem det av at ikkje alle kasusendingane opptrer i alle slektspråka, og det er vanskeleg å seie kven av dei ulike variantane som går attende til ururalsk. Visse av kasusendingane går inn som delar av samansette kasusendingar i dei moderne språka.

Ururalske primærkasus [3]
Nr Kasus Suffiks Tyding Utbreiing i dag
1 Nominativ Kven eller kva? fellesuralisk
2 Genitiv -n Kven sin? finsk, samisk, mari, mordvinsk, selkupisk
3 Akkusativ -m Kven eller kva? samisk, mari, mansi, samojedisk
4 Lokativ I -na /-nä Kvar? Vanleg som danning av nye kasus
5 Lokativ II -t Kvar? (FU) mansi, spor i ungarsk
6 Ablativ -ta/ -tä Frå kvar? Danning av nye kasus i nokre språk
7 Lativ I/dativ -ń/ -n Til kvar? mansi, mordvinsk
8 Lativ II -k Til kvar? spor i samisk, ingrisk

Abondolo viser i store trekk same skjema som Hajdú, men samanfattar nokre av dei formantane som liknar på kvarandre.[4] Marcantonio (2002) legg til to lativ-endingar /-a, -ä/ og /-s/ (i marisk, mordvinsk, austersjøfinsk og marginalt i samisk) og ein ablativ /-l/ (i mansisk). Dei tre grammatiske kasusa er relativt stabile gjennom språkfamilien, men det er meir variasjon for dei lokale kasusa.

Dei uralske kasussystema er nominativ-akkusativ-system, dvs. subjektet til eit intransitivt verb har same kasus som subjektet til eit transitivt verb. Unntaket er nordmansisk, der subjektet til eit intransitivt verb har same kasus som objektet til eit transitivt verb, og dermed representerer eit ergativt system. Dei uralske kasussystema består av to delar, eit grammatisk system for subjekt, objekt og possessor, og eit adverbialt system. Til det grammatiske systemet høyrer nominativ, akkusativ og genitiv. Finsk og nabospråka har også eit anna objektkasus, partitiv, og skil dermed mellom objekt for avslutta handling (i akkusativ) og objekt for uavslutta handling (i partitiv). Med opposisjonen akkusativ/partitiv er det også mogleg å uttrykkje bestemtheitsdistinksjonen, dei uralske språka (med unntak av mordvinsk og vepsisk) har ikkje bestemtheit som morfologisk kategori.

Dei adverbiale kasusa har ein subkomponent langs aksen til - i - frå, som i sørsamisk gåatan - gåetesne - gåeteste «til - i - frå - huset». Dette systemet kan utvidast med ein ekstra dimensjon indre - ytre, og vi får det finske talolle - talolla - talolta «bort til - ved - bort frå huset» i tillegg til den indre dimensjonen. Denne dimensjonen har ein tredje verdi i ungarsk, der vi har 3 kasus for i, tre for og tre for på, litt lenger unna. Det typiske uralske systemet har berre indre lokalkasussystem, t.d. er det det vi finn i dei samiske språka, i marisk og i mansisk og khantisk.

Til slutt kjem det eit oppsamlingsheat av andre lokalkasus, komitativ (med), abessiv («utan»), essiv («som»). Repertoaret her varierer ein del frå språk til språk.

Det er verdt å streke under at denne kasusrikdommen ikkje gjer dei uralske språka spesielt vanskeleg å lære. Skilnaden mellom uralsk og indoeuropeisk er snarare at dei i mange tilfelle bruker kasus der t.d. norsk bruker preposisjon.

Som i nesten alle andre språk i det nordlege Eurasia (unntaka er indoeuropeisk og ketisk) manglar dei uralske språka grammatisk genus, dvs. dei deler ikkje substantiv inn i klasser etter kva form determinativa og adjektiva som står til dei får. Dei har heller ikkje genusdistinksjon i pronomena, på nordsamisk tyder son både «han» og «ho», og den finske setninga Hän suutelee häntä «han/ho kyssar han/henne» kan tolkast på alle fire måtar.

Det uralske urspråket uttrykte både dualis og pluralis morfologisk, sannsynlegvis med ein formativ -t for pluralis, og -k for dualis. Dualis er oppretthalde i samisk, i dei samojediske språka, i khantisk, og i alle andre mansiske språk enn sørmansisk. Alle språka med dualis har dualis i verbbøyinga og eigne dualisformer av verb og possessivsuffiks, som i nordsamisk mun boađán, moai bohte; mii boahtit, «eg kjem, vi to kjem, vi (fleire enn to) kjem». Mansisk har i tillegg også dualisformer av substantiv, og skil mellom ei bok, to bøker og fleire bøker morfologisk.

Kart som viser utbreiinga av uralske språk og folkegrupper

Fonologiske fellestrekk[endre | endre wikiteksten]

Svært mange av dei uralske språka har vokalharmoni, ein prosess som sett restriksjonar på korleis vokalar kan kombinerast i same ord, og som dermed gjer det lettare å avgjere ordgrensa («viss vokaltypen skiftar, veit vi at vi er over i eit nytt ord»). I dei fleste tilfella harmonerer fremre vokalar med fremre og bakre med bakre (velarharmoni), slik at vi t.d. i finsk kan ha y, ä, ö eller u, a, o i same ord, men ikkje blande dei to setta. Vokalharmoni verkar internt i stammen, slik at vi kan ha eit ord pöytä «bord», og eit pouta «opphaldsver», men ikkje *poutä. Lånord som afääri og olympialaiset er dermed ubehageleg å uttale for dei fleste finnar. Suffiks med desse vokalane kjem i to variantar, slik at vi har illativ -an/-án, og poutaan / pöytään. Nokre språk, som ungarsk og marisk, har også labialharmoni, runda vokalar harmonerer med runda og urunda med urunda.

Tone er vanleg i afrikanske og søraustasiatiske språk, men i uralske språk finn vi ikkje toneskilnader. Dei fleste uralske språka har trykk på første stavinga, t.d. gjeld det samisk og finsk. Nokre av språka har, under påverknad av ulike nabospråk, andre trykksystem. T.d. har marisk trykk på siste vokal som ikkje er schwaa, men trykk på første staving viss ordet berre inneheld schwaar.

Uralsk språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Sjå også Uralsk språkhistorie

Dei eldste skriftlege kjeldene for noko uralsk språk har vi for ungarsk, frå 900-talet, for karelsk, komi og estisk. Alle andre skriftlege kjelder er frå tida etter reformasjonen. For alle kjeldene, også dei eldste, gjeld det at språkforma i dei skil seg relativt lite frå dei moderne språka. Oversynet over korleis dei uralske språka har utvikla seg frå eit felles urspråk byggjer derfor på ei samanlikning av dei moderne språka.

Det fellesuralske ordforrådet[endre | endre wikiteksten]

Tabellen nedanfor inneheld eit sett av ord som viser korleis dei uralske språka er i slekt.

Norsk Ururalsk Austersjøfinsk Samisk Mordvinsk Marisk Permisk Ugrisk Samojedisk
Finsk Estisk Võro Sørsamisk Nords. Enares. Ersja Komi Udmurtisk Khanti Mansisk Ungarsk Nenetsisk
'eld' *tuli tuli (tule-) tuli tuli dålle dolla tulla tol tul tyl- tyl tuu
'vatn' *weti vesi (vete-) vesi vesi ved´ wüt va vu wit víz jiʔ
'is' *jäŋi jää jää ijä jïenge jiekŋa jieŋa ej i ji jeŋk jaaŋk jég
'fisk' *kala kala kala kala guelie guolli kyeli kal kol kul kul hal xalʲa
'reir' *pesä pesä pesa pesä biesie beassi peesi pize pəžaš poz puz pel pitʲii fészek pʲidʲa
'hand, arm' *käti käsi (käte-) käsi käsi  gïete giehta kieta ked´ kit ki ki köt kaat kéz
'auge' *śilmä silmä silm silm tjelmie čalbmi čalme śeĺme šinča śin śin, śinm- sem sam szem sæwə
'fang' *süli syli (syle-) süli salla solla seĺ šülö syl sul ɬöl tal öl tʲíbʲa
'sene / åre' *sï(x)ni suoni (suone-) soon suuń  soene suotna suona san šün sən sən ɬan taan ín teʔ
'bein' *luwi luu luu luu lovaža lu ly ly loγ luw le
'lever' *mïksa maksa maks mass mueksie makso mokš mus mus muγəl maat máj mudə
'urin' *kunśi kusi (kuse-) kusi kusi gaddjedh gožža kužža kəž kudź kyź kos- końć- húgy
'å gå, dra' *meni- mennä (men-) minema minemä mïnnedh mannat moonnađ mija- mun- myn- mən- men- megy-/men- mʲin-
'å leve' *elä- elää (elä-) elama elämä jieledh eallit eelliđ ila- ol- ul- él- jilʲe-
'å døy' *ka(x)li- kuolla (kuol-) kuulma kulo- kola- kul- kul- kol- kool- hal- xa-


Lukka ordklasser: talord, pronomen
Norsk Finsk Estisk Sørsamisk Nordsamisk Ersja Austmarisk Udmurtisk Komi Khanti Mansi Ungarsk Ururalsk
ein yksi üks akte okta vejke ik(te) ok et it ük egy *ikte (FU)
to kaksi kaks göökte guokte kavto kok kik kik kät kit két, kettő *kakta (FU)
tre kolme kolm golme golbma kolmo kəm kwin kujim koləm korəm három *kolme (FU)
fire neljä neli njieljie njeallje nile nəl nil nol nelə nili négy *neljä (FU)
fem viisi viis vïjhte vihtta vete wəc vit vit wet ät öt *witte (FU)
seks kuusi kuus govhte guhtta koto kut kwat' kvat kut kat hat *kutte (FU)
hundre sata sada tjuetie čuohti sado šüδə su so sat šat száz *sata (FU)
kven ken ke(s) gie gi, gea- ki ke, kü kin kin - - ki *ke, ki (FU)

Sjå også Liste over slektskapsord i uralske språk


Liste over uralske språk[endre | endre wikiteksten]

Dei uralske språka vart tidlegare vist til med utgruppenamn, desse er sett i parantes. Lista under viser dei sju tradisjonelle gruppene, utan intern klassifisering.

Intern klassifisering av dei uralske språka[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga i lista ovafor representerer ikkje den språkhistoriske utviklinga av dei uralske språka. Kva som er det rette synet har vore omdiskutert dei siste tiåra. Standardsynet, slik det kjem fram i dei eldre handbøkene, t.d. hos Collinder, er at språkfamilien er todelt, i på den eine sida samojediske og den andre sida finsk-ugriske språk. Deretter deler familien seg i to vestover:

Ein variant av dette synet er Harms 1998, som er samd ned til finsk-permisk, men deretter deler dei finsk-permiske språka i tre, mao. utan ei volgaisk grein:

  • Finsk-permiske språk

Tapani Salminen peikte på problema med å rekonstruere mellomliggande urspråk, og argumenterte for ein flat struktur:

Abondolo 1998 tok eit iriginalt grep ved å ha ein binær struktur, men la dei marginale språka bli splitta av, og stå att med dei ugriske språka til slutt:

  • Samojedisk
  • Finsk-ugrisk
    • Samisk-finsk
    • Mordvinsk-ugrisk
      • Mordvinsk
      • Marisk-ugrisk
        • Marisk
        • permisk-ugrisk
          • Permisk
          • Ugrisk


Janhunen 2003 gjekk attende til den tradisjonelle binære strukturen, men også han utan volgaisk:

J. Häkkinen 2007 går inn for følgjane inndeling:

Inndelinga av språka er framleis omstridd (2010-talet).

Mogleg språkslektskap med andre språkfamiliar[endre | endre wikiteksten]

Typologar som er tilhengjarar av å slå saman språkfamiliar, meiner at uralsk er i slekt med jukagirsk, med tyrkiske språk og tungusiske språk i ein ural-altaisk språkfamilie. Joseph Greenberg vil til og med ha med indoeuropeisk og eskimoisk-aleutisk i same familie.[5] Problemet med desse syna er at der er mogleg å rekonstruere eit uralsk urspråk, med eit sett av ord som kan relaterast til dei moderne språka via eit sett av lydovergangar, har noko tilsvarande ikkje vorte gjort for nokre av dei større språkfamiliene som er rekna opp her. At uralsk skulle vere eit isolat er usannsynleg, men språkslektskap ut over uralsk går så langt attende i tid at vi ikkje klarer å bestemme det.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Karlsson 1978, ein pedagogisk grammatikk over finsk, inneheld også ei framstilling av finske eigarkonstruksjonar
  2. Alhoniemi 1985 er ein grunngrammatikk som også inneheld ei framstilling av mariske eigarkonstruksjonar
  3. Etter Hajdú (1987) Marcantonio (2002) og Raun 1988
  4. Abondolo (1998)
  5. Greenberg 2002

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abondolo, Daniel (1998), The Uralic Languages, London og New York: Routledge, ISBN 0-415-08198-X 
  • Alhoniemi, Alho (1985), Marin kielioppi, Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura 
  • Collinder, Björn (1962), Introduktion till de uraliska språken. Finskan och dess frändespråk, Natur och kultur, Stockholm 
  • Décsy, Gyula: Einführung in die finnisch-ugrische Sprachwissenschaft. Wiesbaden: Harrassowitz, 1965; ISBN 3-447-00248-4
  • Greenberg, Joseph (2002), Indo-European and Its Closest Relatives: The Eurasiatic Language Family 2, Stanford: Stanford University Press, ISBN 9780804746243 
  • Haarmann, Harald: Die finnisch-ugrischen Sprachen. Soziologische und politische Aspekte ihrer Entwicklung. Hamburg: Buske, 1973; ISBN 3-87118-155-2
  • Häkkinen, Jaakko 2007: Kantauralin murteutuminen vokaalivastaavuuksien valossa. Mastergradsoppgåve, University of Helsinki
  • Karlsson, Fred (1979), Finsk grammatik, SKS 
  • Sammallahti, Pekka 1988: Historical phonology of the Uralic languages with special reference to Samoyed, Ugric and Permic. Sinor, Denis: [ The Uralic languages. Description, history and foreign influences]. Leiden: E.J. Brill. s. 478-554.
  • Rédei, Károly (1987), Uralisches Etymologisches Wörterbuch Bd I. Finnisch-permische und finnisch-wolgaische Schicht. Ugrische Schicht, Harrassowitz, O, Budapest. Akadémiai Kiadó, ISBN 978-3-447-02735-9 
  • Rédei, Károly (1988), Uralisches Etymologisches Wörterbuch Bd II. Finnisch-permische und finnisch-wolgaische Schicht. Ugrische Schicht, Harrassowitz, O, Budapest: Akadémiai Kiadó, ISBN 978-3-447-02820-2 
  • Rédei, Károly (1991), Uralisches Etymologisches Wörterbuch Bd III. Finnisch-permische und finnisch-wolgaische Schicht. Ugrische Schicht: Register, Harrassowitz, O, Budapest: Akadémiai Kiadó, ISBN 3-447-03257-X 
  • Wiik, Kalevi (2004), Suomalaisten juuret (6), Tieteessä tapahtuu, s. 28–34 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]