Diskusjon:Signal-til-støy-tilhøve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Flytting[endre wikiteksten]

Denne bør vel flyttast, men skal det nye namnet vera Signal-til-støytilhøve eller Signal-til-støy-tilhøve? --KRISTAGAα-ω 17. nov. 2005 kl. 22:38 (UTC)

Eg ville brukt signal til støy-tilhøve, eventuelt dei to siste orda i eitt. Men eg ser at mykje rart blir brukt i den store vide verda. -- Ranveig 17. nov. 2005 kl. 22:52 (UTC)
Signal/støy-forhold eller signal til støy-forhold.--Asgeir 17. nov. 2005 kl. 22:58 (UTC)
Det er det eg/vi brukar når vi snakkar om dette på norsk, men var veldig usikker på korleis dette skal skrivast på nynorsk... Eg føretrekk "forhald" framfor "tilhøve" om det går. Difor la eg det på SNR som også blir brukt som eit "namn" framfor ei forkorting... Roger 17. nov. 2005 kl. 23:10 (UTC)
"Forhold" er heilt greitt etter Nynorskordboka. Å skriva tittelen fullt ut seier ein som meg mykje meir enn ei forkorting, sjølv om ho blir brukt til dagleg. -- Ranveig 17. nov. 2005 kl. 23:22 (UTC)
Eg støttar Roger og stemmer for "signal-til-støy-forhald", etter som dette stemmer med daglegtalen. (om bindestreka bør vera med er eg meir usikker på). Sigmundg, 17/9-2006.
"Signal-støy-forhold" er eit etablert uttrykk på bokmål, det finst ikkje noko tilsvarande ord på nynorsk enno. Beinveges umsett til puristisk nynorsk vert det vel signal-støy-tilhøve, men det hev fleire stavingar enn bokmålsordet, og hev nok liten sjans til å slå igjenom. Kva um me innfører nynorskordet signal-støy-samband i staden? Det hev like mange stavingar som bokmålsordet og det hev bokstavrim. Subsidiært er eg for signal-støy-forhold helder enn signal-støy-forhald. Sistnemnde ord er etter mitt syn ei bastardform som ingen nyttar, korkje i bokmål eller nynorsk. Linuxboksen

Heilt på slutten av artikkelen står det: «I digitale system snakkar ein om bitfeilsannsyn som ein tilsvarande faktor.» Forfattaren tenkjer trukeg på «bitfeilrate» (BER) i sanband med digital kommunikasjon, men det som i samband med digitale system best svarar til SNR i analoge system, er dynamikkområde. Dette gjeld både AD- og DA-omsettarar og aritmetikk. Eg får med god tilnærming eit dynamikkområde på 6 dB/bit, så dette er ein direkte analogi til SNR. For bitfeilrate er samanhengen meir innfløkt. Sigmundg,

Vi bør tenkja på at 'R' i SNR står for "ratio". Det bør gå fram at det er "signaleffekt / støyeffekt", med andre ord at det er eit forhald mellom to verdiar. Ut frå dette meiner eg at "forhald" ("ratio" som dei seier ute på vesterøyane) er meir presist enn "tilhøve". Sigmundg,

Eg ser ikkje det heilt store skiljet her, for meg er desse tvo ordi på lag synonyme, utanum at tilhøve er bruka mindre enn forhold (og forhald um lag ikkje bruka i det heile). Men dersom ein vil ha fram nett denne nyansen i ordet, er kann henda betre med eit anna ord, kva med til dømes signal-støy-dosering? Det er kanskje sume som vil protestera på at ein krinskonstruktur doserar støy inn i systemet sitt, men det er no det han indirekte gjer når han dimensjonerar forsterkaren sin. Linuxboksen
Nei, "dosering" høver ikkje. Det som er viktig her er å få fram at SNR er det relative forhaldet mellom dei to verdiane signal og støy. Det er med andre ord ein brøk. Sigmundg, 17/9 2006.
Men "dosering" vert då nytta i nett den tydingi som du nemner her. Til dømes kann doseringi millom sement og sand vera 1:4, med andre ord ein brøk. Når det gjeld tilhøve og forhold kann eg ikkje sjå at forhold er noko meir presist enn tilhøve, men eg er samd i at det lett kann uppfattast slik av di signal-støy-forhold er eit etablert faguttrykk på bokmål (medan tilsvarande fagterminologien er dårleg utvikla på nynorsk). Linuxboksen
Eg kan ikkje stø deg i at "dosering" er ei god nemning. Når ein måler SNR doserer ein ikkje, men måler eit forhold/tilhøve mellom to storleikar. Sigmundg, 17/9 2006.