Diskusjon:Sjabbát

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjabbát/Sabbat[endre wikiteksten]

Skal denne artikkelen handla om jødisk eller kristen sabbat, eller begge? Eg synest det kunne vera veldig fint å ha ein artikkel om begge, men då må nesten namnet endrast til sabbat, ettersom dette kan brukast om høgtidsdagen i begge religionane. Sjabbát blir meir særskild jødisk.

I tillegg vil me få kræsj mellom Mal:kristendom og Mal:jødedom. Sjølv om me kanskje kunne ha dei side om side vil det bli litt voldsomt med to store tabellar. Kanskje me kunne ha ein fellesmal med emna dei to religionane har til felles (eg planlegg ein slik for hinduismen og buddhismen). Eller noko anna lurt. -- Ranveig 14. juli 2005 kl. 21:35 (UTC)

Ja, denne artikkelen har eg lurt mykje på òg... Eg veit ikkj heilt kva som er best — det er mykje som skil og mykje som bind saman mellom den jødiske og dei mange kristne utgåvene av s(j)abb{a/á}t(h). Og i tillegg har vi sabbat i eit heilt anna tyding i samband med paganisme. Kanskje burde det vera ei litt fyldig fleirtydingsside (miniartikkel) på sabbat med omdirigering til Sjabbát, sabbaten, heksesabbat og evt. andre tydingar...? -- Olve 14. juli 2005 kl. 21:43 (UTC)
Fleirtydingsside som innleiing? Det er nettopp slikt eg liker! I grunnen er det jo mykje å skriva om kvar ein sabbat, òg.
Skildringa av kristen sabbat kan òg ligga under sundag, ettersom kristen skikk har prega denne dagen også for sekulære (med til dømes heilagdagsfred og stengde butikkar). -- Ranveig 14. juli 2005 kl. 22:09 (UTC)
Mnja... Når det gjeld dette siste, så er søndagssabbaten berre éin av fleire sabbatstradisjonar i kristendommen. Kva no enn grunnen var, så hadde den katolske kyrkja i Noreg eit svare strev med å skremme bort vestlendingar frå laurdagssabbaten langt inn på 1500-talet — dette finst det ein del referansar til m.a. i Diplomatarium Norvegicum... :-) Og så har ein no adventistane og kvekarane, da... Olve 14. juli 2005 kl. 22:37 (UTC)
No har me vel snart hatt lenge nok sabbatsår om dette. Skal heile artikkelen flyttast til sabbat, som er norsk skrivemåte for heile omgrepet, eller skal den kristne bruken skiljast ut? --Ranveig 19. november 2008 kl. 00:10 (CET)[svar]
Eg er ute på ridetur med kjepphesten min: Artiklane bør ikkje bli for lange, det er betre å dele i to. Når det gjeld det språklege, kjenner eg att diskusjonen om sj- eller s- frå før, og vi kunne godt tatt han når det gjeld kong Salomo. Dersom eg har forstått diskusjonen rett, er spørsmålet om vi skal skrive i samsvar med norsk tradisjon eller i samsvar med det som er korrekt transkripsjon av opphaveleg hebraiske omgrep. Løysinga på usemja her kan vere å bruke tradisjonell norsk rettskriving nå artiklane handlar om ordet i norsk tradisjon, og hebraisk tradisjon når artikkelen handlar om ordet slik det er bruka i hebraisk (eg sleit litt med den setninga, legg godvilja til). Viktige emne får da to artiklar, uviktige får ein, med omdirigering frå den andre skrivemåten. Men vi skal vere varsam med endringar før vi har artikkelforfattaren attende på laget. -Knut 8. januar 2009 kl. 17:59 (CET)[svar]
Eg forstod framlegget ditt (fekk litt godvilje til jul) og støtter det. Skriv gjerne ein artikkel på sabbat framfor den dumme omdirigeringa. --Ranveig 8. januar 2009 kl. 19:34 (CET)[svar]