Sabbat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jemenittisk familie i Israel samla rundt bordet på sabbaten 1. februar 1947.

Sabbat (frå latin sabbatum og gresk σαββάτων) frå hebraisk שַׁבָּת šabbāt, 'kvile'), er ei nemning for den sjuande dagen i veka, og heilagdagen i jødisk tradisjon, i Unitarforbundet, adventistkyrkja og i enkelte andre kristne kyrkjesamfunn.

«Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde, den sjuande dagen, etter alt verket han hadde gjort.
Og Gud velsigna den sjuande dagen, og gjorde honom heilag: for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde daa han skapte.»

Ordet «sabbat» vert òg bruka i overført tyding om regelmessig kvile, som i «sabbatsår» (kvileår med skifte av gjeremål).

Om jødisk sabbatsfeiring, sjå sjabbát.

Kristen sabbatsfeiring[endre | endre wikiteksten]

The Sabbath Eve av Alexander Johnston (1815–1891)

I den eldste kristne kyrkja tok etterkvart feiringa av Jesu oppstode på søndagen over for den gamle jødiske skikken med å halde den sjuande dagen heilag.

Etter reformasjonen fanst det fleire små grupper kristne som ut frå eit ønskje om å finne attende til den sanne, opphavlege kristendommen, òg byrja å halde den sjuande vekedagen heilag, ut frå det bodordet Gud hadde gjeve i Bibelen.[1]1600-talet utvandra grupper av sjuandedagsbaptistar til Amerika og grunnla kyrkjelydar der. Då adventistkyrkja vart grunnlagt på midten av 1800-talet, forkynte dei at den sjuande dagen (laurdagen) var heilagdag, på grunnlag av bodet dei fann i Bibelen, eit bod som gjekk heilt attende til skapinga.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]