Sjabbát

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Sjabbát (hebr. שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gj. gresk σαββάτων), òg kalla sjabbes (frå jid. שַׁבּת, shabbes), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske veka. Sjabbáten, som byrjar ved solnedgang på fredagskvelden og varar til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I kristendommen blir ordet sabbat bruka anten i same tyding som den jødiske sjabbáten eller i tydinga søndag. Ordet vart i samband med heksejakta frå 1500-talet av bruka som symbol på anti-kristen religion, og denne førestillinga er vidareført i uttrykket heksesabbat.

Sjabbát i jødedommen[endre | endre wikiteksten]

«Der Samstug» (Laurdagen), ca 1800 — gravering basert på eit måleri av Frederich Campe. Vi ser tyske askenasím utanfor synagogensjabbát. Mennene har typiske sjabbátklede for sørvest-tyske askenasím fram til tidleg på 1800-talet.

Den jødiske sjabbáten byrjar ved solnedgang på fredagskvelden og varar til etter solnedgang på laurdagskvelden. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matrettar, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk.

Laurdagsmorgongudstenesta[endre | endre wikiteksten]

Under laurdagsmorgongudstenesta blir tradisjonelt heile parasjáen (vekeavsnittet av Toráen) med tilhøyrande haftará (vekeavsnitt frå Nebiím (Profetane) lesen i synagogen. Sjølve toráavsnittet blir på sjabbáten delt inn i sju delar som blir lesne til kvar sin alijá (oppkalling til Toráen). Denne morgongudstenesta blir etterfølgd direkte av musáf — ei kort tilleggsgudsteneste for visse helge- og merkedagar. Morgongudstenesta på sjabbát er, saman med kveldsgudstenesta på fredagskvelden, av dei gudstenestene som blir haldne mest i hevd blant jødar av alle vanlege retningar.

Utgangen av sjabbát[endre | endre wikiteksten]

Shabbat table setting.jpg

Tidspunkt[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire ulike syn på kva tid sjabbáten er over. Tre hovudsyn er:

  1. Når ein kan sjå tre ulike stjerner på himmelen.
  2. Så lenge etter solnedgang som ein tjuefiredel av tida sola var oppe den dagen.
  3. 25 timar etter at sjabbáten begynte.
Habdalá. (Sefardisk illustrasjon frå Spania1300-talet)

Habdalá[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: habdalá.

Utgangen av sjabbáten blir tradisjonelt markert ved habdalá-ritualet: Ein tenner eit lys — gjerne eit fletta eller tvinna lys med fleire veikar —, fyller eit glas kasjér vin eller druejus, tek fram ein krydderboks og les så signingar over vinen, krydderet og det levande lyset. Ein avsluttar så med ei signing av skilnaden mellom helg og kvardag og drikk opp vinen.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]