Diskusjon:Skjergardshavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Påstandane om fiske, isolasjon og tvillingfødslar er særs spekulative. Slikt bør ikkje stå her utan gode kjelder (noko artikkelen manglar totalt). Går ein til den engelske originalartikkelen manglar denne dei villaste påstandene, og nyttar som kjelde Lummaa, Virpi et al. (1998) Natural selection on human twinning. Nature 394, 533-534 (6 August 1998). Dette er ikkje ein artikkel, men eit brev til redaksjonen i Nature. Skilnaden er at det ikkje har gått i gjennom nokon kvalitetskontroll.

Dette brevet referer til ei statistisk undersøking av korleis det gjekk med toegga tvillingar født i perioden 1752-1850, og samanliknar nokre område på øyane med nokre på fastlandet. Dei samanlikna òg eineborn. Dei finn at av tvillingane på øyane har større sjanse enn dei på fastlandet for å bli 15 år, for eineborna er det ingen slik skilnad. Brevet konkluderer med at:

«Our study provides evidence for the hypothesis that differences in twinning frequencies in historically relatively isolated human populations may be maintained by natural selection, as the differences in the profitability of twinning between the areas are consistent with the predictions of life-history models»

Dei snakker om at ulik næringstilgang (stabil tilgang på fisk, versus uår og hungersnaud) kan oppretthalde ein skilnad i fødselsmønsteret. Dette kan absolutt refererast, men resten av det som står om dette i vår artikkel (og diverre også på framsida) bør fjernast. --Ekko 10. november 2008 kl. 09:35 (CET)

Eg ser no at Frokor nyttar brevet i Nature som kjelde, dette nemner over hodet ikkje ekteskap mellom nærskylde eller fårer ved fiske og er soleis ikkje ei kjelde for dette. Har han lese brevet? --Ekko 10. november 2008 kl. 09:38 (CET)

Nei, eg har omsett artikkelen som har nytta kjelda. Slik som det no står under. Dette er i tråd med retningslinjene til Wikipedia. Tru og lik det eller ei. --Frokor 10. november 2008 kl. 09:43 (CET)
Nei Frokor, du driv vitskapeleg slendrian og uetteretteleg verksemd. Du skriv inn ei kjelde i teksten som ikkje seier det du påstår han gjer. Om du berre refererar til at artikkelen er omsatt og at originalen har desse kjeldene likar eg det ikkje, men godtar det som gjeldande praksis. Når du sjølv sett inn ei uriktig kjelde[treng kjelde] kjem du med ein usannheit. Dei punktane eg reagerar på står heller ikkje i den engelske artikkelen, eg mistenkjer at dei er dine eigne spekulasjonar[treng kjelde]. Eg har ovanfor gått i gjennom kjelda og vist at han ikkje seier det du påstår[treng kjelde], når du ikkje ein gong er villig til å vurdera å lese dine eigne kjelder og verkelegheita (seier brevet i Nature det du hevdar) har du langt på veg diskvalifisert deg sjølve og truverdet ditt[treng kjelde]. --Ekko 10. november 2008 kl. 09:53 (CET)
Tull og tøys Ekko. Engelsk eller nynorsk: Wikipedia er Wikipedia. Engelsk Wikipedia og Nynorsk Wikipedia er ikkje to sjølvstendige ting. Og når det står ei kjelde på dette i den engelske utgåve er den like god i den nynorske utgåva. Og no har eg lese kjelda som bekreftar det som står der. --Frokor 10. november 2008 kl. 09:59 (CET)
Nei, du har satt inn påstandar i den norske artikkelen som ikkje står i den engelske, og som ikkje er dekka av kjelda. Kjelda kjem ikkje med årsaksforklaringar på korfor skilnaden oppsto, slik du gjer i artikkelen. Kjelda nemner over hodet ikkje at fiske skal vera ein spesielt risikofylt verksemd i dette området. Kjelda nemner ikkje ekteskap mellom nærskylde. Alt dette er dine eigne spekulasjonar, og dei høyrer ikkje heime her. --Ekko 10. november 2008 kl. 10:09 (CET)
Du bør spørje deg sjølv kven som kjem med påstandar her og halde deg til saka og ikkje verte personleg. Setninga er fjerna frå den engelske utgåva etter at eg har omsett artikkelen. Så no er den fjerna her også. Men det har ingenting med kjeldebruken engelsk kontra nynorsk å gjere. Artikkelen vart omsett i tida før kjeldene hadde like stort fokus som dei har no, både på nynorsk og på engelsk. Den engelske utgåva den gong hadde ingen kjelder. Desse er ført på i ettertid, og kan hentast frå den engelske utgåva om det trengs. Noko det sikkert gjer. --Frokor 10. november 2008 kl. 10:26 (CET)
Eg ser det eg ser. Og eg har faktisk påvist ovanfor at du skriv inn ting du ikkje har dekning for.
Skal me endre teksten til det du har dekning for i kjelda blir det noko slikt:
Ein interessant del av folkesetnadsstatistikken er talet på tvillingar. Evna til å få toegga tvillingar er delvis arveleg, og dei nødvendige gena er dominerande i øygruppa. På 1700- og 1800-talet var talet på tvillingfødslar i forhold til folketalet større her enn nokon anna stad i Europa, og høgare enn på det finske fastlandet (21,3% mot 14,9%). Ei mogeleg forklaring var fiske. Fisk er ei svært god kjelde til protein og umetta fett, og gav eit stabilt og godt næringstilfang. I fattige område på fastlandet var derimot hungersnaud vanleg. Dette kan forklare at ein skilnad i den genetiske samansetninga i populasjonen kunne halde seg i den relativt isolerte folkesetnaden, det var større sjanse for at tvilling-borna vaks opp når tilgangen på mat var god.[1].
Meire har ein ikkje dekning for. --Ekko 10. november 2008 kl. 10:39 (CET)
Men teksten på framsida må òg endrast. Skulle det vera rett det som står der burde det jo knapt ha blitt født anna enn tvillingar langs Finnmarkskysten kor risikoen vde fiske truleg er større enn i Botniska viken. --Ekko 10. november 2008 kl. 10:42 (CET)
Som eg skriv har eg omsett artikkelen frå engelsk, korleis kan det då vere mine spekulasjonar? Nei, dette blir for dumt. Eg trekker meg ut av denne diskusjonen no. --Frokor 10. november 2008 kl. 11:26 (CET)
Ja, eg trur òg det er best. Eg gjer dei endringane som er naudsynte for å få i alle fall denne delen av artikkelen i samvar med det ein har dekning for i kjeldene. --Ekko 10. november 2008 kl. 11:35 (CET)
Ingenting er betre. --Frokor 10. november 2008 kl. 11:46 (CET)
  1. Lummaa, Virpi; m.fl. (6. august 1998). «Natural selection on human twinning.». Nature 394, 533-534. Henta 10. november 2008.