Diskusjon:Sogn og Fjordane fylke

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
 Merk: Diskusjonen om Selje i Nordfjord eller Selje kommune skjer på sida Diskusjon:Selje i Nordfjord.

Fleirtydige kommunenamn[endre wikiteksten]

Eg ser at i tillegg til Selje i Nordfjord har kommunane Vik, Flora og Eid namn som òg tyder noko anna på norsk. Eg veit dessverre ikkje kor dei ligg i Sogn og Fjordane, men kanskje andre kan leggja dei inn?

Eg føreslår òg at me pipelenkjer kommunenamna, i det minste i malen, slik at til dømes Selje viser til Selje i Nordfjord men berre viser Selje. Dette fordi det ser finare ut, og fordi ein truleg berre bruker kommunenamnet når ein snakkar om kommunane.

Dette forslaget, det vil seia svaret me kjem fram til, vil gjelda for fylkesmalen, fylkessida (altså her), Kommunar i Noreg, organisert etter fylke og Kommunar i Noreg, alfabetisk ordna.

-- Ranveig 16. nov 2004 kl. 21:31 (UTC)

Hei, Oppførselen i fylkesmalen er faktisk feil etter slik vi elles har gjort det her på nn: — det skal berre stå «Selje» som open tekst. Eg skal rette opp dette no. -- Olve 17. nov 2004 kl. 04:00 (UTC)

Eit anna synspunkt[endre wikiteksten]

Eg meiner det blir feil å bruke denne metoden for å skilje på artiklane. Dette antydar at det finst andre stader som heiter det same slik som vi er vant med i td Skei i Jølster, Mo i Rana, Bø i Telemark. Eg meiner det vil vere meir riktig å kalle artikkelen Selje (kommune) / selje (tresort) evt utan parantes. Så kan dette skjulast som over.

Eg er frykteleg lite glad i parantesar, men det er kanskje bare meg. Kva med ganske enkelt Selje kommune? Ranveig 16. nov 2004 kl. 22:43 (UTC) (Inge, du kan signera innleggja dine ved å skriva ~~ (set in namnet) eller ~~~~ (legg til dato og klokkeslett) etterpå)
Eg har eigentleg ikkje så mykje mot parentesar, men når det finst gode alternativ som her (Selje kommune) tykkjer eg ein kan bruka det.--Guttorm 17. nov 2004 kl. 08:06 (UTC)

Eg har bestemt at frå no av skal alle ord ha ei tyding, og berre ei[endre wikiteksten]

Det er nok den enklaste løysinga.

Elles har eg gått over dei to listene og malane, og gjort dei fleirtydige kommunelenkjene eg fekk auge på om til (kommunenamn) kommune, sidan fleire enn meg liker det. Lenkjer som allereie viste til "i" lot eg stå, nokre av dei visar til kommunenamn som finst i fleire fylke og andre har allereie artiklar. Dette blir kanskje litt ukonsekvent, men det får vera. Det er rom for forbetring, og er har sikkert oversett ulike namn, men eg har i alle fall gjort eit forsøk! -- Ranveig 17. nov 2004 kl. 20:06 (UTC)

Jostedalsbreen...[endre wikiteksten]

Er Jostedalsbreen den største i Nord-Europa? Er ikkje det Vatnajökul på Island? Trudde det var den største i verda utanom polisane...~~

Svarar meg sjølv som alltid... :) (Kjappare enn min eigen skugge :)
Caplex skriv, og eg siterar; "Vatnajökull, Islands og Europas største bre, ca. 8300 km2; høyeste topp Öræfajökull, 2119 moh." Men eg trur faktisk at Jostedalsbreen er den nest største breen i Europa... Men... Til samanlikning med Vatnajøkullen sine 8300 km2 har jostedalsbreen berre 815 km2... Eg som alltid har trudd at eg budde ved sida av ein kjempebre...
Eg trur frasa i skulebøkene på 70/80-talet gjekk omtrent slik: Jostedalsbreen er den største isbreen i Noreg og på det europeiske fastlandet. Jhs 10. mar 2005 kl. 0033 (UTC)
God formulering for å gje Noreg ein god turistattraksjon :) Det tykkjer eg det bør stå i wikien. Det er nok der barndomslærdomen min har krasja.. eg forsto rett og slett ikkje at det var skilnad på fastland og øyer når eg hadde o-fag... :)

Flatevidda her stemmer ikkje med den som eg oppgitt i Caplex, og heller ikkje engelsk Wikipedia. Nokon som har høve til å finna ut av dette, eller er det allereie forklart ein annan stad? --Guttorm 10. juni 2008 kl. 10:44 (CEST)[svar]

SSB er samd med Caplex og engelsk Wikipedia (eller motsett), så eg endra det. --Frokor 10. juni 2008 kl. 11:24 (CEST)[svar]

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:01 (CEST)[svar]

[daud lenkje]