Selje kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selje kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Selje
Areal 226 km²
 - land 220 km²
 - vatn km²
Målform nynorsk
Ordførar Stein Robert Osdal (KrF)
Kommunenr. 1441
Kart
Selje
62°8′14″ N 5°13′23″ E
Wikimedia Commons: Selje (former municipality)
Nettstad: www.selje.kommune.no

Selje er ein tidlegare norsk kommune i Nordfjord. Kommunen var den som låg lengst nordvest i Sogn og Fjordane fylke. Området bestod av Selje, Stadlandet og Flatraket, som har fire skulekrinsar: Selje, Leikanger, Flatraket og Ytre Stad. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Eid til Stad kommune.

Nokre naust ved Selje kyrkje

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Snøggbåtsambandet nordover frå Bergen har endestad her. Stadhavet er rekna som eit av dei mest vêrharde havstykka langs kysten av Noreg. Det er difor planar om å byggje skipstunnel mellom Kjødepollen og Moldefjorden.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Selje har den største fiskeflåten i fylket og ein godt kjend plastbåtindustri.

Reiseliv[endre | endre wikiteksten]

Selje og Stadthalvøya eignar seg veldig godt til vandring og naturopplevingar året rundt. Det er kort veg frå fjøre til fjell, og eit lett fint terreng å vandre i. Kjende kulturminne er det mange av. Dragseidet, med bl.a. kristningsstad, Ervik med St.Svithun og krigsminne, dei finn ein og på Storeneset og Vestkapp. Selje kloster har Norges best bevarte klosterruinar, og lange pilgrimstradisjonar.

Vestkapp
Solnedgang over Barmøy
Ervik i godvêr
Hoddevik
Ytre Fure

Lag, organisasjonar og aktivtetstilbod[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selje kloster på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Det er det einaste norske klosteret som både var helgenstad, kloster og bispesete. Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Ho vart seinare utropa til helgen som Sankta Sunniva. Olav Tryggvason bygde ei kyrkje her i 996. Noreg vart delt inn i bispedømma Selje, Nidaros og Oslo i 1068.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Selje kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
3622a 3591a 3634a 3680a 3729a 3393 3376 3255 3064 2821
a Talet omfattar øya Silda, Hagevik-Osmundvåg-området og Sørpoll, som var del av Selje kommune fram til 1964, då desse områda vart overførte til Vågsøy kommune. Dei hadde då 344 innbyggjarar.'

Kjende folk frå Selje kommune[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Selje 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]