Diskusjon:Sulamitt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne sulamitten tykkjer eg om. --Ranveig 00:06, 19 april 2007 (CEST)

Det var eit hyggeleg diskusjonsinnspill, tusen takk. Ein ting eg undrast på, er omsetjinga av slutten av vers 6,13, frå «Ein dans som i Mahanajim.» i 1921 (og 1930) til - når ho rekkjedansen trør?» i 1978. Når bokmålsomsetjinga (sjå evt her)) frå 1978 brukar -når hun svinger seg i de dansendes rekker?», får eg eit inntrykk av den nynorske høvdingdottera er tyngre på foten enn bokmålsjenta. Gjeld det heile sulamitten, eller aner vi noko av omsetjaranes begeistring for dans som uttrykksform? -Knut 11:33, 20 april 2007 (CEST)


Skal vi sjå....

Første kommentaren er at dette er 6:13 i dei fleste kristne utgåvene — og 7:1 i Tenákh, i jødiske omsetjingar og i Septuaginta.

I Norsk Bibel si nynorskutgåve (1994) står det:

Snu deg! Snu deg, Sulammit!
     Snu deg! Snu deg, så vi får sjå deg!
Kvifor vil de sjå på Sulammit?
     Ein dans som i Mahana’im. (6:13)

Det norske bibelselskap (1996) har:

«Snu deg, snu deg, du Sulam-jente!
     Snu deg, Snu deg, så vi får sjå deg!»
«Kvifor vil de sjå på Sjulam-jenta
     når ho rekkjedansen trør? (6:13)

JPS-omsetjinga (1955) har:

Return, return, O Shulammite,
     Return, return, that we may look upon thee.
What will ye see in the Shulammite?
     As if it were a dance of two companies. (7:1)

I den franske Zadoc Kahn-omsetjinga (1994) står det:

Reviens, reviens, ô la Sulamite,
     reviens, reviens, que nous pulssions te regarder! —
Porquoi voulez-vous regarder la Sulamite,
     comme on fait d’un ballet de deux chœurs? (7:1)

Expression obscure. Selon d’autres : « comme la danse de Mahanaïm » (ville de Palestine).


Vi såg her at dette verset blir omsett på fleire svært ulike måtar. I den franske utgåva var det eksplisitt sagt at delar av dette verset er vanskelege å tolke. Var Sjulammít eit namn eller ei skildring? Kva skulle ho gjera? Snu seg rundt? Komma attende? Kva slags dans var det? Veit vi eventuelt kvar dansen var? Kva er samanhengen her? Er dette avslutninga på det føregåande eller innleiinga til det neste?


Skal vi bli noko klokare (eller skjønne at vi blir like (u)vise?) lyt vi til med originalkjelda:


I Tenákh står det i Høgsongen 7:1 (ja, versnummera varierer):

שֽׁוּבִי שֽׁוּבִי הַשּׁוּלַמִּית שּֽׁוּבִי שֽׁוּבִי וְנֶֽחֱזֶה־בָּךְ.
מַה־תֶּֽחֱזוּ בַּשּׁוּלַמִּית כִּמְחֹלַת הַֽמַֽחֲנֽיִם׃

For å gje eit inntrykk av klangen og rytmen i dette verset, så kjem det ei transkribering her:

Sjúbi šúbi haššulammit,
     šúbi šúbi venèḥeze-bbákh;
ma-ttèḥezú baššulamít,
     kimḥolàt hàmmàḥanájim.


Ei streng omsetjing frå hebraisk skulle bli:

Vend deg, vend deg, Sjulám-kvinna;
     vend deg, vend deg, og vi får sjå deg. —
Kva får de sjå av Sjulám-kvinna
     som màḥanájim-dansen.

Eit sterkt indisium på at Sjulammít skal tyde ‘Sjulám-kvinna’ har vi i det faktumet at ho alltid er omtala i bunden form (haššulammit).

«Màḥanájim-dansen» er vorte utlagt på fleire måtar:

  1. Màḥanájim kan rett og slett vera namnet på ein by i Israel (seinare Judea, Palæstina osv.).
  2. Eller...: I seg sjølv tyder màḥanájim ‘to leirar’. Dette kan tyde at dette er dansen med to «grupper» eller to «stasjonar». Dette blir i sin tur gjerne utlagt som rekkjedans eller turdans. Kanskje kunne vi sjå for oss at dei to leirane var kvinnene i éi gruppe og mennene i éi?
    Når det gjeld detaljane i korleis Sjulám-kvinna dansa, så står det ikkje noko eksplisitt om det. Men ser vi på den rullande rytmen i den hebraiske originalen og dei repeterte orda, så er det vel fristande å tenkje seg ein ganske suggererande dans...? Og når omsetjarane skal setje dette inntrykket om i praksis i sine oftast relativt frie attdiktingar, så kan skildringane bli ganske ulike.
    (Nokon som har sett Bollywood-musikalar? Tenk t.d. på den første store dansescena i Bride and Prejudice... :-) )
    Merk her at dette verset er første verset i kapittel 7 i dei hebraiske og greske versjonane, og les så vidare kva som står i det kapitlet. Eg seier ikkje meir..... ;-D

Dette får vel kanskje greie seg for no. Er det godt nok svar på spørsmålet? :) Olve 01:21, 26 april 2007 (CEST)

Bravo må vere eit godt ord her òg! Dette illustrerer godt kor vanskeleg det må vere å omsetje bunden dikting med tydingar på mange plan. Tryggast då, å halde seg til oldefars Bibel (1879), der verset opnar med «Vend om, vend om, O Sulamith». - Knut 07:32, 26 april 2007 (CEST)