Diskusjon:Tennfjord Mannskor

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg gjorde endringar i denne artikkelen av di han var kåserande og lite sakleg i forma, og inneheldt uvesentlege opplysingar, som talet på deltakarar på oppstartsmøtet o.l. --Ekko 18:32, 2 november 2007 (CET)

Artikkelen er i samsvar med original som kan lesast her:[endre wikiteksten]

http://no.wikipedia.org/wiki/Tennfjord_Mannskor

Vekst frå 17 til nær 50 på særs kort tid er relevant.

At ein tekst er formulert slik eller sånn på bok- og riksmålswikipediaen er eit dårleg argument. Det kan vera tull og tøys der òg. At setninger som «Kven hugsar ikkje det særeigne Total Balalaika Show saman med Vatne Hornmusikklag våren 2006?» ikkje høyrer heime i eit leksikon treng vel ikkje nærare grunngjeving? Eller ser du ikkje skilnad på sjangrane leksikonartikkel og vekebladsartikkel? Slik du vil ha artikkelen er det klart at han bryt med det første grunnprinsippet, sjå Wikipedia:Grunnprinsipp. Eg vil no stille artikkelen attende til ei meire nøytral form. Om du på ny går attende til den opphavelege artikkelen vil eg på ny gå til den nøytrale forma, låse artikkelen der, og ta opp på Samfunnshuset korleis striden skal handsamast. Er det ikkje betre om du heller legg inn dei dokumenterbare faktaopplysingane du vil ha med, i ei nøytral og objektiv form? Ekko 22:05, 2 november 2007 (CET)

Det vi gjør: jeg tar bort hele innlegget på nn-wiki, og ferdig med det. "Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket" - fantastisk slagord.

Nei, du har nok ikkje skjønt det grunnleggjande med wikipedia: i det du skriv noko her er det ikkje ikkje lenger ditt. Som det står rett under her: Alle innlegg må kunne frigjevast. Eg ser det som sjølvsagt at me skal ha ein artikkel om koret, men òg at denne artikkelen skal ha ein sakleg og nøktern form. Og om slagordet vårt, ei dårleg omsetting frå engelsk: «fri» i denne samanhangen tyder gratis, og ubunde. Ikkje at me er ei oppslagstavle eller eit plankegjerde kor alle kan henge opp kva som helst. Dersom du ynskjer å reklamere nett som du vil for koret ditt er kanskje ei lenkje til heimesida til koret betre? --Ekko 10:29, 3 november 2007 (CET)

Eksempel fra nn-wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/SKRUK

Eg går ut frå at setninga over tyder at den anonyme skribenten meiner at også andre artiklar er dårlege/uleksikalske/utflytande. Ja, diverre, slik er det. merkelappen om at han treng opprydding har stått der alt for lenge. --Ekko 18:18, 5 november 2007 (CET)
Ja, det var en kommentar til røynda. Elles trur eg fakta ligg høvelig til på nn-wiki-korsida vår no :-)