SKRUK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

SKRUK er eit kor basert på Sunnmøre som i over 30 år har vorte dirigert av Per Oddvar Hildre.

SKRUK har sidan starten i 1973 gjeve ut over 22 album. Flesteparten er utgjevne på Kirkelig Kulturverksted. Koret sine rundt 45 songarar er spreidde over heile landet og møtest for øving og konsertar i løpet av året.

Samarbeidsprosjekt[endre | endre wikiteksten]

SKRUK har gjennomført mange spanande samarbeid med andre musikarar. I 1978 gav koret ut plata Av moll er du komen - til dur skal du bli der dei bearbeidde norske religiøse folketonar i samarbeid med Henning Sommerro og gruppa Vårsøg. Vidare kom plata Kvite som negrar ut i samarbeid med Ytre Suløens Jazzensemble ut i 1981.

Koret har også gjeve ut platene Smykker fra bedehuset (1979) og Klenodier (1985) der gamle bedehussongar vart arrangerte for SKRUK av etablerte komponistar som Knut Nystedt, Trond Kverno, Per Inge Almås og Harald Herresthal. Koret heldt òg konsertar med stoff frå desse platene.

I 1990 kom cd-en Slipp mine fløyter fri ut i samarbeid med den Ecuadorianske gruppa Altiplano. Plata bar preg av både norsk og sør-amerikansk musikk. I eit samarbeid med komponistane Siyavoush Kerimi og Galib Mamedov frå Azerbaijdsjan, og med tekstar av Erik Hillestad, kom Landet vi kommer fra med aserbadsjansk musikk i 1997.

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • SKRUK (1977)
  • Av moll er du komen - til dur skal du bli (1978)
  • Smykker fra bedehuset (1979)
  • Kvite som negrar (1981)
  • Klenodier (1985)
  • Living gospel (1989
  • Slipp mine fløyter fri (1990)
  • Stille natt (1991)
  • Landskap av stemmer (1992)
  • Misa Andina (1993)
  • En for alle (1995)
  • Landet vi kommer fra (1997)
  • Stjernen ledet vise menn (1998)
  • Vuelo libre (2000)
  • På nytt (2002)
  • Stjerna fra øst (2002)
  • Krybberom (2003)
  • Sommerlandet (2004)
  • Brazzy Voices (2004)
  • Dype stille sterke milde (2006)
  • Messe for Kari og Ola (2008)
  • Starry crowns in Heaven (2009)
  • Til alle tider (2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]