Diskusjon:Ulstein kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det kan hende at kommentaren om Ulsteinvik som det nest største handelssenteret på Sunnmøre er korrekt, men samstundes får eg inntrykk av at handelsstanden i Fosnavåg meiner at dei har teke igjen Ulsteinvik. Eg trur at det vil vere vanskeleg å seie sikkert kva som er rett, det vil jo kome an på kva ein reknar med og korleis ein reknar. Det har trass alt vore kiving mellom desse handelsstandane i all den tid. Personleg synast eg at det høyres litt for mykje ut som skryt ;) Kanskje det vil vere best å moderere den til å seie at Ulsteinvik sin handelsstand har ein sterk posisjon på Sunnmøre? Larsivi 26. feb 2005 kl. 1149 (UTC)

Påstanden er basert på en artikkel frå sunnmørsposten for eit par år tilbake, sjølvsagt om nokon har bevis for det eine eller andre så er det berre å endre det. Sidan eg ikkje hugsar når artikkelen eller statistikken var publisert, så kan det vel diskuterast om det skal stå her i det heile, i alle tilfelle bør det stå ei slags referanse til kjelde. Fjern det om du vil:) Kristian Alvestad 26. feb 05 20:43
Vil legge til at sjølv om Fosnavåg kjem frå ei kommune med mange fleire innbyggerar, så er plasseringa til Ulsteinvik slik at det er meir sannsynleg at den får tilreisande frå dei omliggande kommunene, så æddabædda:p Kristian Alvestad 26. feb 05 20:45
Eg har ingen planar om å endre sida om Ulstein. Eg tykkjer eg har for lite grunnlag, eg har trass alt kun gått på vidaregåande der. Eg synast du har gode argument for det som står der. Likevel, dei siste par åra har mange butikkar i Fosnavåg, nye og gamle, kome under felles tak. Artiklar i Vestlandsnytt har i etterkant av dette påstått at jamvel folk frå Ulsteinvik no kjem til Fosnavåg for å handle. Korvidt dette har ført til omkalfatringar på rangeringa veit eg ingenting om. Så det så :) Larsivi 27. feb 2005 kl. 1053 (UTC)
Ulstein er den største på sunnmøre etter Ålesund når det gjeld handelsomsetning. Kilde: Vikebladet.no
Sitat: "I snitt handla kvar innbyggjar i Ulstein kommune for 89 959 kroner i fjor.
Såleis tek Ulstein innpå handelsomsetninga i Ålesund. Der var omsetninga 90 760 for kvar innbyggjar. Det kjem ikkje fram i tala frå Statistisk Sentralbyrå kor mykje innbyggjarane i kommunen har handla for, og kor stor del folk frå andre kommunar har handla for.
Tore Hasund seier til Sunnmørsposten at folk kjem langvegsfarande for å handle i Ulsteinvik. Hasund var senterleiar på kjøpesenteret Blåhuset til for ein månad sidan. Han eig elles sportsbutikkar både i Ulsteinvik og Ørsta, i tillegg til gamlebutikken til Straumane Handel som no er daglegvarebutikk.
Hasund merkar ikkje så mykje til handel frå dei utanlandske og norske leigearbeidarane. Litt handlar dei nok, men det er ikkje for dei store summane, seier Hasund.
Bakgrunnstala syner at det ikkje er nokon einskildbransje som står for handelsvoksteren i Ulstein. Statistikken syner ein jamn vekst i alle næringane."