Ulstein kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulstein kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1516
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Ulsteinvik
Areal 97 km²
Folkemengd 8 292 (1. jan 2015)
Politikk
Ordførar (2011-) Jan Berset (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.ulstein.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1516.svg
Ulstein kommune på Commons

Ulstein er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Av dei omlag 8 300 innbyggjarane bur 6 900 på Hareidlandet og 1 400 på Dimnøya. Andre bebudde øyar er Eika og Hatløya. Kommunen grensar til Hareid i aust og Herøy i vest. I søraust ligg Ørsta og Volda, som Ulstein er knytt til via Eiksundsambandet.

Det er 4 skulekrinsar i Ulstein: Haddal, som femner om bygdene Eiksund, Haddal og Garnes. Hasund, som femner om Dimnøya og Hasund grunnkrins. Ulsteinvik, som dekkjer gardane Osnes, Vik, Saunes, Hofset og Holseker. Ulstein, som femner om bygdelaga Skeide, Ulstein og Flø.

Kommunesenter er Ulsteinvik. Tettstaden hadde, ifølgje SSB, 6 201 innbyggjarar pr 01.01.2014.

Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.

Næringsliv og industri[endre | endre wikiteksten]

Skipsindustrien ber økonomien; Ulsteinkonsernet, Rolls-Royce og Kleven er hjørnesteinsverksemder.

Ulsteinvik er også eit handelssenter og skulesenter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.

Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.

Ulsteinvik sentrum sett frå Hasundhornet.
Ulsteinvik, sett frå Høgåsen på Dimnøya.
Ulstein kyrkje i Ulsteinvik

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:

1.1.1917[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
2336a 2335a 2477a 2835a 2953a 3436a 4558 5335 5751 6615 7461

a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.

Kjende folk frå Ulstein kommune (alfabetisk)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Ulstein 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulstein kommune