Diskusjon:Valerij Berkov (red.): Stor norsk-russisk ordbok

Sideinnholdet støttes ikke på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det som står under er kopiert inn frå Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting av Ranveig 18:02, 30 januar 2007 (CET)

Slettingdiskusjon[endre wikiteksten]

«(slett, er ei russisk ordbok verd å skrive om?)». Ja, eg syns ho er det, og eg trudde eg hadde gjort det også (men det hadde eg altså ikkje). Denne ordboka er etter mitt syn ei av verdas beste tospråklege ordbøker, og ho fortener ein artikkel. Artikkelen ordbok har ein peikar til denne artikkelen, og det bør artikkelen om Valerij Berkov også ha. Trondtr 23:01, 3 desember 2006 (CET).

Skriv, ikkje slett! Men kanskje er namnet på artikkelen (Valerij Berkov (red.): Stor norsk-russisk ordbok) litt tungvint? --Ranveig 23:29, 3 desember 2006 (CET)
Så lenge tittelen er eintydig, så går det vel greitt å lata artikkelen heita rett og slett Stor norsk-russisk ordbok? :-) Olve 23:37, 3 desember 2006 (CET)
Ja, den tittelen er jo plent umogleg å skrive inn sjølv, sjølvsagt, så litt enklare må det bli. Men det høyrer med til historia at det også finst ei anna stor norsk-russisk ordbok, som vi trygt kan plassere i den andre enden av skalaen eg nett sette opp for Berkov (noko som ikkje gjer ho mindre interessant, for så vidt), så Berkov (red): Stor norsk-russisk ordbok? Trondtr 23:43, 3 desember 2006 (CET).

Berkov – ein banebrytar innanfor leksikografien[endre wikiteksten]

Denne ordboka inneheld òg opplysningar om kva tonem det einskilde norske ordet har. Den slags leksikografisk rettleiing er sjeldsynt i tospråklege ordbøker, og burde difor nemnast i WP-artikkelen. Kvar Berkov fann ø med accent grave, jamfør “красáвчик, fløtefjes”, veit eg ikkje. Teiknet må ha vorte skipa ad hoc for den Macintosh-en han nytta i 1987. Eg har funne ǿ, men altså berre med accent aigu.

Diskusjonen om det er plass for denne artikkelen i WP, finn eg uturvande. Berkov var ein “новáтор, bànebryter”.

Elles heiter det slettingsdiskusjon – med fuge-s ! Hirpex (diskusjon) 11. mars 2012 kl. 17:41 (CET)Svar[svar]


Slutt på kopi frå Kategoridiskusjon:Sider merkte for sletting.