Valerij Berkov (red.): Stor norsk-russisk ordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stor norsk-russisk ordbok (SNRO) av Valerij Berkov (med Helgi Haraldsson og Steinar Kottum som medredaktørar) frå 2003 er den nyaste og største ordboka frå norsk til russisk. Boka inneheld ca. 90 000 oppslagsord. Ho er ei symmetrisk ordbok, dvs. at ho tar omsyn både til russiske og norske brukarar.

Lemmaforrådet[endre | endre wikiteksten]

Med så mange oppslagsord inneheld ordboka både det grunnleggjande ordforrådet, og ordforråd frå ulike fagområde, t.d. ord frå område som er aktuelle for norsk-russisk samkvem, t.d. politikk, jus, fiskeri og idrett. Ordboka inneheld også særnamn, som Haugesund, Hildegunn og Nygaarsdsvold. Grunnen til det er at brukarane skal vere i stand til å translitterere namna til russisk. For språk som fransk og engelsk har russisk ein tradisjon for å translitterere etter uttale, så etter denne tradisjonen treng brukarane informasjon om korleis orda skal translittererast.

Dei fleste ordbøker frå norsk til andre språk som blir laga i Noreg er på bokmål, og dei ignorerer det nynorske ordforrådet. For ordbøker med dei utanlandske brukarane i tankane stiller saka seg annleis. For dei er ordboka hjelpemidlet til å forstå orda dei blir konfrontert med, og dei har ingen garanti for at det ikkje vil vere eit ord på nynorsk. SNRO har løyst dette problemet ved å ha ei separat liste, på ca. 3000 nynorske oppslagsord. Russiske brukarar som ikkje har ei sikker kjensle for når eit ord ikkje finst på bokmål risiskerer å måtte slå opp to gonger, men på den andre sida er desse orda faktisk med i ordboka.

Grammatiske opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Ordboka inneheld grammatiske opplysningar om både dei norske oppslagsorda og om dei russiske omsetjingane. For norsk bruker SNRO markeringssystemet frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka, eit forenkla system som er supplert med relativt mange unntaksformer. For russisk bruker SNRO Andrej Zaliznjak sitt velkjende system frå Grammatitsjeskij slovar russkogo jazyka. I tillegg til omsetjingane inneheld ordboka også eksempelsetningar der det går fram kva kasus og preposisjonar som blir brukt i samband med dei ulike oppslagsorda, og dei ulike tydingane deira.

For dei grammatiske ordklassene legg SNRO omtanke i generaliseringane: Heller enn å ha lange lister med lausrive døme, som vi ofte finn i norske ordbøker, har SNRO eit oversiktleg system med hovudtydingar og grupper av undertydingar.

For- og ettertekstar[endre | endre wikiteksten]

SNRO inneheld til saman ti vedlegg. Nokre av dei inneheld informasjon over norske samfunnsforhold. Andre tar opp translitterasjonen av norske namn, kanskje ikkje alltid på ein like systematisk måte. Til slutt er det eit oversyn over norsk grammatikk på russisk, og ei innføring i Zaliznjak sitt kodesystem, for dei norske brukarane.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nesset, Tore og Trond Trosterud 2005: Ny norsk-russisk ordbok: Ei leksikografisk storhending (melding av Valerij Berkov (red.): Stor norsk-russisk ordbok. Oslo: Kunnskapsforlaget, 2003.). LexicoNordica 2005;12:273-284.