Distriktet Dielsdorf
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dielsdorf (Bezirk Dielsdorf) | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen Zürich | ||
Hovudstad | Dielsdorf | ||
Areal | 152,73 km² | ||
Folketal | 79 952 (31. desember 2010) | ||
Kommunar | 22 | ||
![]() Distriktet Dielsdorf | |||
Wikimedia Commons: Dielsdorf (district) | |||
Dielsdorf er eitt av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nordvest i kantonen, og har grense til Tyskland i nord og til kantonen Aargau. Dielsdorf har 79 952 innbyggarar pr 31. desember 2010, og dekker eit areal på 153 km². Hovudstad er Dielsdorf, som ligg sentralt i distriktet, og som distriktet er kalla opp etter.
Distriktet Dielsdorf omfattar av 22 kommunar. Regensdorf er den einaste kommunen med meir enn 10 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Bachs, Boppelsen, Buchs, Dällikon, Dänikon, Dielsdorf, Hüttikon, Neerach, Niederglatt, Niederhasli, Niederweningen, Oberglatt, Oberweningen, Otelfingen, Regensberg, Rümlang, Schleinikon, Schöfflisdorf, Stadel, Steinmaur og Weiach.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dielsdorf (Bezirk)» frå Wikipedia på tysk, den 4. oktober 2011.