Hopp til innhald

Kantonar i Sveits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over kantonane i Sveits

Kantonane i Sveits er delstatar i den føderale staten Sveits. Historisk og fram til midten av 1800-talet var kvar kanton i den daverande konføderasjonen ein suveren stat, med sin eigen hær og valuta; den noverande føderale strukturen vart etablert i 1848.

Ifølgje konføderasjonsgrunnloven av 1999, er det offisielt 26 kantonar. Ved val til det nedste kammeret (Ständerat) i konføderasjonsparlamentet og ved røysting over føderale initiativ, reknar ein talet på statar (Stände) til 23. Landområda Unterwalden, Appenzell og Basel vart kvar rekna for å vere halvkantonar. Omgrepet halvkanton er fjerna, men kantonane i dei nemnde områda har ei røyst der andre kantonar har to. Unterwalden består av Obwalden og Nidwalden, Appenzell av Appenzell Ausserrhoden og Appenzell Innerrhoden, mens Basel er sett saman av Basel-Stadt og Basel-Landschaft.

På 1500-talet bestod den sveitsiske konføderasjonen av tretten sjølvstyrte statar. Desse statane vart kalla kantonar (også Stand, før også Ort), og det fanst to ulike typar kantonar: Dei seks landkantonane og dei sju bykantonane. Sjølv om dei teknisk sett var ein del av Det tysk-romerske riket, hadde dei nærast vorte uavhengige da sveitsarane sigra over keisar Maximillian I i 1499. Sjølvstendet vart erkjent gjennom freden i Westfalen i 1648.

Fram til 1798 var dei seks landkantonane demokratiske republikkar, mens dei sju bykantonane var styrt av byråd. Men både land- og bykantonane var kontrollerte av små oligarki av rike og mektige borgarar. Mellom bykantonane var Zürich, Bern og Basel.

Kvar kanton har sin eigen grunnlov, lovgjevande forsamling, regjering og dømmande makt. Den lovgjevande forsamlinga er i alle kantonane eit eittkammerparlament, storleiken varierer mellom femtiåtte og to hundre representantar. Nokre få lovgjevande forsamlingar er generalforsamlingar (Landsgemeinden). Dei kantonale regjeringane består av anten fem eller sju medlemmer. For namn på institusjonane deira, sjå Liste over lovgjevande og utøvande makt i kantonane i Sveits.

Alle oppgåver som etter den sveitsiske grunnloven ikkje eksplisitt vedkjem konføderasjonen, er oppgåver som høyrer til kantonane. Kantonane bestemmer sjølv i kor stor grad kommunane skal kunne styre seg sjølv, noko som derfor varierer mykje. Storleiken på kantonane spenner vidt: frå berre 37 til 7 105 km²; folketalet varierer frå 14 900 til 1 244 400.

I kantonale saker, er det direkte demokratiet i form av generalforsamlingar (Landsgemeinde) no avgrensa til kantonane Appenzell Innerrhoden og Glarus. I dei andre kantonane blir dei demokratiske rettane uttrykt gjennom val. Sidan kantonen Jura vart oppretta i 1978 har det ikkje vorte oppretta nokon nye kantonar.

Liste over kantonane

[endre | endre wikiteksten]

Tabellen nedanfor listar opp kantonane i same rekkefølgje som i konføderasjonsgrunnloven.

FlaggFork.KantonSidanHovudstad Folketal1Areal2Folke­tettleik3 Tal på kommunar1Offisielle språk
Kantonflagg
Kantonflagg
ZH  Zürich1351Zürich 1 228 6001 729701171tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
BE  Bern/Berne1353Bern 947 1005 959158399tysk, fransk
Kantonflagg
Kantonflagg
LU  Luzern1332Luzern 350 6001 493233107tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
UR  Uri1291Altdorf 35 0001 0773320tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
SZ  Schwyz1291Schwyz 131 40090814330tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
OW  Obwalden1291Sarnen 32 700491667tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
NW  Nidwalden1291Stans 38 60027613811tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
GL  Glarus1352Byen Glarus 38 3006855128tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
ZG  Zug1352Zug 100 90023941611tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
FR  Fribourg/Freiburg1481Fribourg 239 1001 671141242fransk, tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
SO  Solothurn1481Solothurn 245 500791308126tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
BS  Basel-Stadt [Basel by]1501Basel 186 700375 0723tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
BL  Basel-Landschaft [Landskapet Basel]1501Liestal 261 40051850286tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
SH  Schaffhausen1501Schaffhausen 73 40029824634tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
AR  Appenzell Ausserrhoden1513Herisau4 53 20024322020tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
AI  Appenzell Innerrhoden1513Appenzell 15 000173876tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
SG  St. Gallen1803St. Gallen 452 6002 02622290tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
GR  Graubünden/
Grischun/Grigioni
1803Chur 185 7007 10526211tysk, retoromansk, italiensk
Kantonflagg
Kantonflagg
AG  Aargau1803Aarau 550 9001 404388232tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
TG  Thurgau1803Frauenfeld5 228 20099122980tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
TI  Ticino1803Bellinzona 311 9002 812110244italiensk
Kantonflagg
Kantonflagg
VD  Vaud1803Lausanne 626 2003 212188382fransk
Kantonflagg
Kantonflagg
VS  Valais/Wallis1815Sion 278 2005 22453160fransk, tysk
Kantonflagg
Kantonflagg
NE  Neuchâtel1815Neuchâtel 166 50080320662fransk
Kantonflagg
Kantonflagg
GE  Genève1815Genève 414 3002821 44245fransk
Kantonflagg
Kantonflagg
JU  Jura1979Delémont 69 1008388283fransk
Det sveitiske flagget
Det sveitiske flagget
CHSveitsBern7 261 200 41 2851742 890 tysk, fransk, italiensk, retoromansk

Fotnotea:

  • 1 Den 31. desember 2001  Nasjonalstatistikk 
  • 2 km² 
  • 3 per km²  basert på folketalet i 2000
  • 4 setet for regjeringa og parlamentet; setet for kantonsdomstolen er Trogen 5 setet for parlamentet er Frauenfeld og Weinfelden

Tobokstavsforkortingane for sveitsiske kantonar er mykje brukt, til dømes på bilskilt og i ISO 3166-2-kodar med prefikset «CH-» – til dømes CH-SZ for kantonen Schwyz.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]