Distriktet Entlebuch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Entlebuch (Amt Entlebuch)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Luzern
Hovudstad Schüpfheim
Areal 410,13 km²
Folketal 18 564 (2010)
Kommunar 9
Karte Bezirk Entlebuch 2007.png

Distriktet Entlebuch er eitt av fem distrikt (Amt) i kantonen Luzern i Sveits. Distriktet har eit areal på 410 km² og hadde 18 564 innbyggarar i 2010. Landsbyen Schüpfheim er hovudstad i distriktet, som ligg i den søraustlege delen av distriktet. Distriktet Entlebuch grensar i vest og i sør til kantonen Bern og i aust til kantonen Obwalden.

Distriktet Entlebuch består av ni kommunar; Doppleschwand, Entlebuch, Escholzmatt, Flühli, Hasle, Marbach, Romoos, Schüpfheim og Werthenstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]