Distriktet Sursee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sursee (Amt Sursee)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Luzern
Hovudstad Sursee
Areal 302,04 km²
Folketal 70 862 (2010)
Kommunar 22
Karte Bezirk Sursee 2009.png

Distriktet Sursee er eitt av fem distrikt (Ämtern) i kantonen Luzern i Sveits. Distriktet har eit areal på 302 km² og hadde 70 862 innbyggarar i 2010. Landsbyen Sursee er hovudstad i distriktet, og ligg ganske sentralt i distriktet som i nord grensar til Aargau.

Distriktet Sursee består av 22 kommunar. Omframt hovudstaden Sursee, som er den mest folkerike kommunen, har kommunane Ruswil og Neuenkirch meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Beromünster, Büron, Buttisholz, Eich, Geuensee, Grosswangen, Hildisrieden, Knutwil, Mauensee, Neudorf, Nottwil, Oberkirch, Pfeffikon, Rickenbach, Schenkon, Schlierbach, Sempach, Triengen og Wolhusen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Distriktet Sursee