Divlji vjetre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Divlji vjetre»
Song av Damir Kedžo
Land Kroatia
Språk Kroatisk
Utgjeve 1. mars 2020
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap Croatia Records
Låtskrivar(ar) Ante Pecotić
Produsent Bojan Šalamon og Matija Rodić

«Divlji vjetre» (norsk 'vill vind') er ein song frå 2020 som vert framført av den kroatiske songaren Damir Kedžo. Songen er skriven av Ante Pecotić og vart fyrste gong framført 29. februar 2020 under songtevlinga Dora. Songen vart utgjeven for strøyming og nedlasting 1. mars 2020 av Croatia Records.[1] «Divlji vjetre» skulle ha vore det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Divlji vjetre» var eit av 16 bidrag som kringkastaren HRT plukka ut til å delta i Dora 2020, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2020.[3] Ante Pecotić komponerte låten spesielt for den kroatiske popsongaren Damir Kedžo.[4] «Divlji vjetre» vart fyrste gong framført offentleg under Dora 2020 laurdag 29. februar 2020. Dagen etter vart songen tilgjengeleg for strøyming og nedlasting.[5]

Under Dora 2020 vann «Divlji vjetre» telefonavrøystinga og vart nummer to hos juryane, og vann tevlinga samanlagt. Med sigeren vart «Divlji vjetre» det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020.[6] Kroatia skulle ha delteke i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgende sjukdomen covid-19.[8]

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 1. mars 2020 Digital nedlasting, strøyming Croatia Records [9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hrvatsku će na Eurosongu predstavljati Damir Kedžo». direktno.hr (på kroatisk). 29. februar 2020. Arkivert frå originalen 29. februar 2020. Henta 29. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. Herbert, Emily (23. desember 2019). «Croatia: Dora 2020 Finalists Revealed». eurovoix. Henta 1. mars 2020. 
  4. Rožman, Klara (29. februar 2020). «Damir Kedžo i njegova pjesma "Divlji vjetre" predstavljat će Hrvatsku na Eurosongu u Nizozemskoj» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020. 
  5. Goreta, Mirela (29. februar 2020). «Kedžo je favorit Dore 2020» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020. 
  6. Roso, Anthony (29. februar 2020). «Croatia: Damir Kedžo wins Dora 2020 with "Divlji Vjetre"». wiwibloggs. Henta 1. mars 2020. 
  7. Baransi, Fouad (28. januar 2020). «These Are The Results Of The Semi Finals Allocation Draw!». escbubble. Henta 1. mars 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  9. «Dora 2020. — Razni Izvođači» (på kroatisk). 1. mars 2020. Henta 1. mars 2020.