Damir Kedžo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Damir Kedžo

Fødd24. mai 1987 (36 år)
FødestadOmišalj
FødenamnDamir Kedžo
OpphavKroatia
Aktiv2003–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapMenart, Hit Records, Croatia Records, Croatia Records
Verka somsongar

Damir Kedžo (fødd 24. mai 1987) er ein kroatisk popsonger. Kedžo starta musikkarrieren i 2003, då han deltok i talenttevlinga Story Super Nova Music Talent Show. Han vann seinare den tredje sesongen av Tvoje lice zvuči poznato, den kroatiske versjonen av Your Face Sounds Familiar.[1] I 2020 vann Kedžo den kroatiske songtevlinga Dora med låten «Divlji vjetre». Han skulle ha representert Kroatia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kedžo vart fødd i Omišalj i den sosialistiske republikken Kroatia i Jugoslavia, seinare Kroatia, i 1987. Han vart kjend i heimlandet i 2003 då han deltok i Story Suparnova Music Talents – den fyrste kroatiske versjonen av Idol. Han enda på sjuandeplass. Året etter starta han trioen Saša, Tin & Kedžo saman med Saša Lozar og Tin Samardžić,.[3] Dei gav seinare ut albumet Instant.[4][5][6] Debutsingelen til gruppa «365» toppa den kroatiske hitlista i seks veker.[7] I 2005 vart band oppløyst, og Kedžo tok deretter eit pauseår.[8]

I 2006 vann Kedžo ein pris under musikkfestivalen Melodije Istre i Kvarnera, i klassa beste debutartist med songen «Ki bi sad reke», og året etter fekk han ein pris for beste framføring med songen «Kanet na vetru».[8]

I 2010 vann Kedžo fyrstepremie i den internasjonale songtevlinga Slavianski Bazaar i Kviterussland, og i 2011 deltok han i songtevlinga Dora, Kroatias svar på Melodi Grand Prix. Etter fleire år vekke frå rampelyset, vann han i 2016 den kroatiske versjonen av Your Face Sounds Familiar med ein imitasjon av Mariah Carey.[9]

I 2020 deltok Kedžo på nytt i Dora, denne gongen med songen «Divlji vjetre». I finalen 29. februar 2020 vann han tevlinga og skulle dimed representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2020, i Rotterdam i Nederland, men Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 – Damir Kedžo

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2017 – «Sve u meni se budi» (med Zsa Zsa)
  • 2017 – «Ljubavi moja»
  • 2018 – «Vojnik ljubavi»
  • 2018 – «Mi protiv nas» (med Domenica Žuvela)
  • 2018 – «Šuti»
  • 2019 – «Srce mi umire za njom»
  • 2019 – «Vidi se izdaleka»
  • 2019 – «Poljubi me sad»
  • 2020 – «Divlji vjetre»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Intervju s Damirom Kedžom pobjednikom treće sezone TLZP!» (på kroatisk). dnevnik.hr. 18. desember 2016. Henta 4. februar 2017. 
  2. Farren, Neil (29. februar 2020). «Croatia: Damir Kedžo to Eurovision». eurovoix. Henta 29. februar 2020. 
  3. «Story SuperNova: 'Zaštitari su nas čuvali gdje god smo išli...'» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020. 
  4. «Rafo snimio prvi singl "Ja sam Rafo"» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020. 
  5. «Damir Kedžo: 'Nemam prave prijatelje na hrvatskoj estradi'» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020. 
  6. «Rafo snimio prvi singl "Ja sam Rafo"» (på kroatisk). Index. 31. januar 2004. Henta 16. januar 2020. 
  7. Krnić, Hana (3. juli 2019). «Damir Kedžo: Nemam prave prijatelje na hrvatskoj estradi» (på kroatisk). 24sata. Henta 16. januar 2020. 
  8. 8,0 8,1 «Damir Kedžo - biografija.hr» (på kroatisk). biografija.hr. 19. desember 2016. Henta 4. februar 2017. 
  9. «Damir Kedžo to represent Croatia at Eurovision 2020 in Rotterdam» (på engelsk). Henta 1. mars 2020.