Dmitrij Bilozertsjev
| Dmitrij Bilozertsjev | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
| Fødd | 22. desember 1966 (59 år) Moskva |
| Idrett | turn |
| Tok del i | gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's rings |
| Utmerkingar | Hedret mester i idrett av Sovjetunionen, International Gymnastics Hall of Fame |
Dmitrij Vladimirovitsj Bilozertsjev (fødd 22. desember 1966) er ein russisk-fødd tidlegare turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i mangekamp 1983 og 1987 og vann tre gullmedaljar under Sommar-OL 1988.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Knapt 17 år gammal vart Bilozertsjev i 1983 den yngste mannlege mangekampmeister i ein verdsmeisterskap. Elles under meisterskapen sikra han seg gullmedaljar i bøylehest, ringar og svingstang. Han deltok ikkje Sommar-OL 1984, ettersom Sovjetunionen boikotta leikane i Los Angeles. Året etter braut han eine foten stygt i ei trafikkulukke med bil. To år seinare lukkast han vinne mangekampen då Turn-VM 1987 vart avvikla i Rotterdam, som i 1983 tok han gull i bøylehest og i svingstang. Under dei olympiske sommarleikane 1998 i Seoul vann han gullmedaljar i bøylehest, ringar og med det sovjetiske mannskapet i lagtevlinga. I mangekampen enda han på tredjeplass.
Bilozertsjev utvandra til USA i 1993.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dmitry Bilozerchev» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2022.