Do Re Mi av Woody Guthrie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Do Re Mi
Song av Woody Guthrie
frå albumet Dust Bowl Ballads
Utgjeve 1940
Låtskrivar(ar) Woody Guthrie

«Do Re Mi» er ei folkevise av den amerikanske låtskrivaren Woody Guthrie. Songen omhandlar opplevingane til Dust Bowl-migrantar då dei kom til California.[1] Han er kjend for å ha to gitarpartar, begge spelte inn av Guthrie.

Songen kom ut i 1940 på albumet hans Dust Bowl Ballads. Songen tar form som ei åtvaring til komande migrantar om å halde seg der dei er. Bakgrunnen for åtvaringa var at det alt var så mange migrantar, og ikkje nok pengar eller arbeid tilgjengeleg til at den harde og dyre reisa kom til å bli verdt det.

«Do Re Mi» vart sidan spelt av Cisco Houston, Ry Cooderdet sjølvoppkalla debutalbumet hans i 1971, av Nanci Griffith i 1993 på albumet hennar Other Voices, Other Rooms (duett med Guy Clark), av Ani DiFranco på EP-en hennar Swing Set i 2000 og på hyllestalbumet til Woody Guthrie, 'Til We Outnumber Em, av Dave Alvin på albumet Interstate City, av Bob Dylan i dokumentarfilmen The People Speak i 2009, og av Dan Crary på albumet Flatpicking Guitar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karen Mueller Coombs Woody Guthrie: America's Folksinger 1575054647- - 2002 Side 45

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]