Dobbeltagent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Hanssen, ein FBI-agent som vart verva som dobbeltagent av KGB og avslørt i 2001.[1]

Ein dobbeltagent er ein person som til dømes arbeider for to etterretningstenester på same tid. Det kan vere tale om to ulike formar:

  • Ein agent som arbeider for to etterretningstenester, der ingen av dei to organisasjonane veit at agenten arbeider for den andre.
  • Ein agent som arbeider for ei etterretningsteneste og blir verva av ei anna, eller ein agent som arbeider for ei etterretningsteneste og greier å infiltrere ei anna etterretningsteneste.

Døme frå den kalde krigen[endre | endre wikiteksten]

Eit døme på ein dobbeltagent frå den kalde krigen er den russiske KGB-offiseren Oleg Gordijevskij. Han hadde arbeidd ved KGB si avdeling i Kjøpenhamn i 1966 og i møtet med Danmark byrja han å mistru sovjetstyret. I november 1973 freista vestlege etterretningstenester å gjera Gordijevskij til dobbeltagent, og den 19. januar 1975 lukkast dei. Han arbeidde som dobbeltagent fram til 1985, då han rømde til USA. Avsløringa av Gordijevskij som dobbeltagent skuldast delvis ein annan dobbeltagent, Aldrich Ames.[2]

Amerikanaren Aldrich Ames arbeidde for CIA, og vart verva som dobbeltagent av KGB for pengar. Ein annan amerikansk KGB-dobbeltagent var Robert Hanssen, som arbeidde for FBI. Både Ames og Hanssen hadde føringsoffiseren Viktor Sjerasjin.[2] I Noreg er det òg døme på avhopparar frå KGB, med dobbeltagenten Mikhail Butkov, som verva seg for KGB i 1984, vart dobbeltagent i 1989 og hoppa av 22. mai 1991.[3][4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. FBI — Robert Hanssen
  2. 2,0 2,1 Regin Schmidt; Ramus Mariager; Morten Heiberg (2009). PET: Historien om Politiets Efterretningstjeneste fra den kolde krig til krigen mod terror. Gyldendal. ISBN 9788702081220.  Særleg kapitel 7.
  3. «Kodenavn «Steklov»». VG. 24.10.2000. 
  4. «Butkov jobbet som dobbeltagent». VG. 24.10.2000.