FBI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Logøn til Federal Bureau of Investigation (FBI).

FBI, kort for Federal Bureau of Investigation, er den føderale politiorganisasjonen i USA, oppretta i 1908. FBI er ei avdeling av det amerikanske justisdepartementet og har hovudsete i Washington, D.C.[1]

FBI-sjefen frå 1924 til 1972, J. Edgar Hoover, gjorde FBI til eit av verdas mest effektive organ i kampen mot kriminalitet. FBI er særleg kjend for sitt hypermoderne vitskaplege utstyr og for sitt signalements- og fingeravtrykksarkiv. Eit datasøkesystem (National Crime Information Center) gjer det mogleg for politiet over heile USA å øyeblikkeleg få opplysingar gjennom moderne kommunikasjonsmiddel.[1]

Sidan 1935 har FBI drive National Academy, som gjev politifolk frå mange land spesialopplæring i 12-vekers kurs.[1]

Oppgåver og jurisdiksjon[endre | endre wikiteksten]

FBI har som oppgåve å driva etterforsking i saker rundt brot mot visse straffebestemmelsar i den føderale lovgjevinga, som kidnapping, bankran, saker om atomhemmelegheiter, spionasje, sabotasje og saker knytt til indre tryggleik. På oppmoding kan FBI også gje assistanse til andre føderale og til statlege styresmakter, særleg ved å utføra vitskaplege undersøkingar.[1]

FBI er ein føderal etat og har såleis kun mynde til å etterforske brot på føderale lover. FBI sine offisielle prioriteringar var i 2015:[2]

  1. Verna USA mot terroråtak
  2. Verna USA mot spionasje
  3. Verna USA mot dataåtak og andre høgteknologiske lovbrot
  4. Kjempa mot offentleg korrupsjon
  5. Verna om borgarrettar
  6. Kjempa mot grenseoverskridande og nasjonal organisert kriminalitet
  7. Kjempa mot kvitsnippkriminalitet
  8. Kjempa mot betydeleg valdeleg kriminalitet
  9. Støtta føderale, delstatlege, kommunale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «FBI» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «FBI- Quick Facts». Federal Bureau of Investigation. Arkivert frå originalen den 12 April 2015. https://web.archive.org/web/20150412223657/http://www.fbi.gov/about-us/quick-facts/quickfacts. Henta 19 April 2015.