Dolma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aserbajdsjanske dolmaer.

Dolma er ein matrett som består av fylte, forvella vinblad. Fyllet består av kjøt, lauk, ris, erter og krydder. Dolma kan også vere fyll i andre frukt og grønsaker. Namnet «dolma» kjem frå det tyrkiske ordet doldurma, som tyder 'fylt'. I 2017 blei dolma frå Aserbajdsjan sett på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dolma
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.