Vinranke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinranke

Vinranke (Vitus vinifera) er ein art som høyrer til familien Vitaceae. Arten er ei gamal kulturvekst. Frukta av av vinranken er eitt av dei viktigaste landbruksprodukta til middelhavslanda, og er blitt brukte til å laga vin sidan antikken. Drueplanten likar seg best i jordsmon med mykje kalk og stein. Druer kan vera grøne, blå eller lilla.

Nokre artar[endre | endre wikiteksten]

  • Vitis vinifera, den europeiske vindrua.
  • Vitis labrusca, nordamerikansk bord- og druesaft, av og til nytta til vin. Vert dyrka aust i USA.
  • Vitis riparia, frå Nord-Amerika, vert dyrka i austlege delar av USA.
  • Vitis rotundifolia, vert nytta til gelé og av og til vin. Vert dyrka i det sørlege USA og ved Mexicogolfen.
  • Vitis aestivalis, sommarvin, sorten 'Norton' vert nytta til vin, vert dyrka i det austlege USA.
  • Vitis vulpina, vert dyrka i det austlege USA
  • Vitis californica er viktig for den kaliforniske vinindustrien fordi den er motstandsdyktig mot vinlus og toler klimaet.