Dom i rettssak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dom er i norsk juridisk samanhang ei domstolsavgjerd som avsluttar ei rettssak ved å take stilling til realiteten i saka. Andre avgjerder av domstolen har andre nemningar. Til dømes er orskurd («kjennelse» på bokmål) ei avgjerd som vanlegvis ikkje har med realiteten i saka å gjere.

I straffesaker seier retten dom når vedkomande som er tiltalt for eit brotsverk anten vert frifunne, vert pålagt ein straffereaksjon som til dømes ein pengebot, ei fastsett tid i fengsel på vilkår eller utan vilkår osb.

I tvistemål, såkalla sivile saker, seier retten dom når avgjerda gjeld dei spørsmåla som rettsaka hadde som føremål å avklare, anten det galdt å avgjere usemje om kva slags rettsleg tilhøve som allereie låg føre mellom partane, eller det galdt å få avgjort usemje om den eine parten hadde uoppgjorte pliktar andsynes den andre parten eller ikkje.

Ein dom skal grunngjevast og seiast i rettsmøte når det gjeld tingrett og lagmannsrett. I Høgsterett vert det sagt dom i form av at dommarane i saka held ei open og grunngjeve avrøysting i rettsmøte. Med unntak av dommar frå Høgsterett, kan dommane ankast til høgare rettsinnstans innan ein frist. Eit ankeutval avgjer om vilkåra er til stades for at saka skal kunne fremjast for ankedomstolen.

Ein straffedom kan ikkje fullførast før dommen er endeleg, at dommen er rettskraftig, det vil seie at dommen ikkje er anka til høgare rettsinnstans innan ankefristen er ute, eller at dommen er stadfesta av Høgsterett etter ei anke. Det er ikkje høve til å anke til Høgsterett over avgjerda av skuldspørsmålet i straffesaker.

Ein dom i ei sivil sak kan som regel heller ikkje krevjast fullført før dommen er endeleg (rettskraftig), men her er det gjort somme unntak.

Det varierer elles frå land til land og rettssystem til rettssystem kva som ligg i omgrepet «dom» på dei ulike språka.

Tvistelovas føresegner om avgjerdsformer i sivile rettssaker[endre | endre wikiteksten]

For saker som ikkje har med etterforsking eller straff for brotsverk å gjere, såkalla sivile saker, er det fastsett i paragraf 19-1 i tvistelova frå 17. juni 2005 når ei avgjerd skal gjerast i form av ein dom, og når avgjerda skal ha ei anna nemning. Til liks med mange andre lover, er tvistelova på bokmål:

§ 19-1. Dommer, kjennelser og beslutninger

(1) Ved dom treffes avgjørelse av

a) krav som er tvistegjenstand i søksmål, b) tvist som nevnt i § 16-1 annet ledd tredje punktum, eller c) anke over dom.

(2) Ved kjennelse treffes avgjørelser

a) som avviser en sak fordi vilkår for å ta den under behandling ikke er oppfylt, eller som fremmer saken etter særskilt behandling av en påstand om avvisning, b) som hever en sak som av andre grunner enn nevnt i bokstav a bortfaller uten realitetsavgjørelse, c) av anke over kjennelse eller beslutning, d) ved tvist om bevis, eller e) som etter loven skal treffes i denne form.

(3) Ved beslutning treffes avgjørelser om

a) saksbehandlingen som ikke etter loven krever kjennelse, eller b) å samtykke til eller nekte anke.

(4) At en avgjørelse er truffet i uriktig form, er uten betydning for dens rettsvirkninger eller for adgangen til overprøving. Ved anke følges reglene for den avgjørelsestype som retten skulle ha brukt.